TV2-anker fekk Mediemålprisen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV2 sjølv melder at deira programleiar Annemarta Giske fekk Alf Helleviks Mediemålpris for 2015.

Prisen blir delt ut til unge nynorskbrukarar i radio og TV som dyrkar eit normalisert nynorsk talemål. Tidlegare har profilar som Siri Kleiven Strøm, Ingvild Bryn og Yasmin Syed vunne prisen.

Til TV2 seier Annemarta Giske at nynorsken blir brukt heilt bevisst i jobben.

– Eg er æra over å vinna denne prisen. Nynorsken er i ferd med å forsvinna, så det er viktig å ta vare på språket, seier vinnaren.

På Twitter feirer ho òg:

 

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk!