Fleire vil verta sjukepleiarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15.000 søkjarar til 4.500 plassar

132.021 personar har i år søkt høgare utdanning gjennom Samordna Opptak. Det er ei auke på om lag 4000 søkjarar – eller 3,2 prosent – frå rekordåret 2015.

– Me stadfestar at søking til høgare utdanning held fram. Me ser også at søkjarane følgjer med på samfunnsutviklinga og verkar å ta reflekterte val, seier Grete Christina Lingjærde, direktør i FSAT (Felles studieadministrativt tjenestesenter).

Komikar Lars Berrum er utdanna sjukepleiar. – Har du lyst, så prøv! er hans studietips.

Helseboom
Auken i helse- og sosialfag held fram. Sjukepleien aukar mest, med nesten 20 prosent fleire søkjarar. Nesten 15.000 søkjarar skal no fordelast på rundt 4.500 studieplassar.

– Mange søkjarar lovar godt for det viktige arbeidet med å skaffa befolkninga gode helsetenester, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå departementet.

Fleire vel òg utdanningar som reseptar, vernepleiar, radiograf og ergoterapeut.

Ei anna utdanning som har skote i vêret i 2016 er landbruk, som aukar med 19,6 prosent.

LES OGSÅ: Kjønnspoeng – òg til menn

Opp og ned for lærarar
– Regjeringa er oppteken av å løfta fram læraryrket som kanskje det viktigaste yrket i norsk arbeidsliv. Me treng fleire godt kvalifiserte søkjarar som ynskjer å bidra til barns og unges læring og utvikling og til å utvikla skulen, seier kunnskapsministeren i pressemeldinga.

I alt 11.500 har sett opp ei av lærarutdanningane som sitt førsteval. Medan fleire vel faglærarutdanning og 5-årig lektorutdanning, er det ein nedgang i dei som vil verta grunnskulelærar for 1.-7. trinn.

Kunnskapsministeren gler seg over at søkinga for lærarutdanningane held seg stabilt, men uttrykkjer uro over at 11 prosent færre vel grunnskulelærarutdanninga for dei yngste.

– Dersom søkinga til denne utdanninga ikkje betrar seg etter innføringa av femårig grunnskulelærarutdanning neste år vil me vurdera å setja inn særskilte tiltak, varslar Røe Isaksen.

Grunnskulelærar for 5.-10. trinn og barnehagelærar har begge litt auke i søkjartala.

DEBATT: «Ikkje gi meg lærarar som ikkje kan læra»

Realfagsnedgang
Realfagssøkarane hadde ein oppsving i fjor, men går ned i år. Størst er nedgangen i søkjarar til sivilingeniør, men òg kortare ingeniørutdanningar opplever nedgang.

Maritime fag og idrett er andre utdanningar som opplever lågare popularitet.

– Me er inne i ein tøff omstillingsperiode for norsk økonomi, og det er difor bra at så mange søkjer seg til høgare utdanning. Ikkje overraskande er det spesielt stor søking til studiar der kandidatane har utsikter til trygg jobb i ein framtidig arbeidsmarknad, avsluttar Røe Isaksen.