Rekordmange vil ta høgare utdanning

Her er studiane som har størst auke.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse studia er mest populære

127.929 personar har per april 2015 søkt om høgare grunnutdanning gjennom Samordna opptak. Det er ein auke på 6,7 prosent samanlikna med i 2014.

– Det er ein overraskande stor auke i søkjarar til høgare utdanning frå i fjor. Det er gledeleg at så mange søkjer seg til utdanningar der samfunnet spør etter arbeidskraft, slik som lærar, sjukepleiar og realfag, seier seksjonsleiar i Felles studieadministrativt tenestesenter, Bente Ringlund Bunæs i ei pressemelding.

Meir populært med lærarutdanning
13 utdanningsområde har oppgang i søkjartala, mens tre utdanningsområde går ned samanlikna med søkinga i fjor.

Av dei største utdanningsområda er auken størst for vernepleiar (+ 21 %), sjukepleiar, pedagogiske fag og informasjonsteknologi, alle med omkring 17 prosent fleire søkjarar.

Søkinga til realfag (+11 %) har òg fått ein solid oppsving i år. Innanfor lærarutdanningane har både grunnskulelærarutdanning 1.- 7.-trinn og grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn ein auke på 8 prosent.

Barnehagelærarutdanninga har tilnærma like søkjartal i år som i fjor. Innanfor helsefag er det farmasi som har den største auken frå i fjor med 30 prosent. Radiograf og ergoterapi er andre utdanningsløp med stor prosentvis oppgang.

Medisin har ein liten nedgang i søkinga på 2 prosent.

Mediefag opplever nedgang for tredje år et på rad, og går i år ned med 5 prosent samanlikna med fjoråret. Maritime fag (-12 %) og ernæring (-7 %) har òg færre søkjarar enn i fjor.

Utdanningsområde Søknader førsteval
2015-mai  Endring
ESTETISK 2766   +1.28%
HELSEFAG – ANNET 903   -9.79%
HELSEFAG – AUDIO 77   +16.67%
HELSEFAG – BARNEVER 2214   +5.73%
HELSEFAG – BIOING 725   +14.72%
HELSEFAG – ERGO 525   +19.59%
HELSEFAG – ERNÆRING 603   -7.23%
HELSEFAG – FARMASI 288   +30.32%
HELSEFAG – FYSIO 2063   +1.53%
HELSEFAG – MEDISIN 2955   -2.12%
HELSEFAG – ODONT 850   +10.39%
HELSEFAG – ORTOPEDI 66  
HELSEFAG – RADIO 689   +21.95%
HELSEFAG – RESEPTAR 343   +10.29%
HELSEFAG – SOSIONOM 3431   +5.73%
HELSEFAG – SYKEPL 12362   +17.53%
HELSEFAG – VERNEPL 2774   +21.35%
HELSEFAG – VETERIN 1095   +5.90%
HISTORIE 3448   +11.19%
IDRETT 3514   -0.37%
INFOTEKN 3473   +17.53%
JUS 9641   +9.57%
LANDBRUK 613   +12.07%
LÆRER – 5-ÅRIG INTEGRERT 1952   +7.49%
LÆRER – ANNET 629   +5.18%
LÆRER – BHGLÆRER 3215   -0.16%
LÆRER – FAGLÆRER 938   +11.53%
LÆRER – GRL1-7 2672   +8.31%
LÆRER – GRL5-10 2510   +8.38%
MEDIEFAG 3506   -5.14%
PEDFAG 1927   +17.43%
REALFAG 4274   +11.36%
REISELIV 706   +4.13%
SAMFUNN 14497   +5.17%
SPRÅK 5154   +6.25%
TEKNO – ANNET 1282   +2.07%
TEKNO – ARKITEKT 1233   +4.23%
TEKNO – INGENIØR 5762   -2.17%
TEKNO – MARITIM 493   -12.90%
TEKNO – SIVING 5325   -0.49%
ØKADM 16436   +6.87%
I alt 127929   +6.68%

Her les du siste nytt om høgare utdanning!