mm
Faktaboks

Viktige tidsfristar:

15. april: Frist for å søkja Samordna opptak, der du kan setja opp ti val.

10. mai: Frist for å lasta opp dokumentasjon, som vitnemål og liknande

1. juli: Siste frist for å omprioritera ynskja dine

19. juli: Ledige studieplassar blir lagt ut på Restetorget

20. juli: Du kan søkje på Restetorget

20. juli: Du får svar på hovudopptaket

26. juli: Frist for å svara på hovudopptaket

Kjelde: Samordna opptak

LES FAKTALUKK FAKTA

Er du blant dei som bit negler og riv deg i håret, medan du nistirar på «SØK HER à»-knappen på Samordna Opptak?

Reknar du poeng om att og om att, medan du lurer på om du skal bli noko kreativt innan media (arbeidsledig), eller kanskje høyra på mor og verte ingeniør eller sjukepleiar (ikkje arbeidsledig)?

Fortvil ikkje. Me har snakka med ein av dei som valde trygg utdanning.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

Noregs høgaste komikar, Lars Berrum, er kanskje best kjent som den eine halvdelen av komikarduoen «Berrum og Beyer», som sist var å sjå i NRK-serien «Norske fordommer».

I bakhand har han ein bachelorgrad i sjukepleie frå Høyskolen i Oslo og Akershus. Her er hans råd til deg som slit med å velja kva du skal søkja 15. april!

I ein e-post til Framtida.no fortel 29-åringen frå Bærum korleis det gjekk til at han byrja på sjukepleien.

– Då eg søkte studiar, så var det eigentleg noko eg gjorde for moro skuld. Eg skulle eigentleg jobbe på SFO, og ha eit lite «friår». Eg har tulla med at grunnen til at eg vart sjukepleiar var fordi eg ikkje visste at eg måtte rangera søka i Samordna opptak, men det er faktisk sant. Så då hadde eg tilfeldigvis sjukepleiar øvst, kom inn og med litt press heimanfrå, vart det til at eg starta. Då starta eg litt med eit mål om å «få meg ei utdanning».

– Kva råd har du til dei som slit med å bestemma seg?

– Eg meiner at ein bør vera mykje flinkare til å berre klina til. Har du lyst, så prøv. Ikkje tenk så mykje konsekvensar. Det verste som skjer er jo at du sluttar og byrjar på noko anna. Det einaste eg kanskje ikkje ville gjort er å ta ei spesifisert utdanning innan olje.

LES OGSÅ: Større skilnad på høgt og lågt utdanna

– Kor viktig har det vore for deg å ha høgare utdanning?

– Det har vore utruleg viktig. Eg har ei utdanning i eit yrke eg elskar. Dette er òg viktig for meg når eg no jobbar som komikar, for no gjer eg berre ting eg ynskjer innan komikk. Eg føler ikkje at eg MÅ vere komikar, for eg har jo verdas beste yrke å falla tilbake på. Dette gjev meg ei ro, moglegheit for å ta betre val og mindre bekymringar rundt freelancelivet. 

Her får du fleire tips til valet:

Torbjørn Røe Isaksen vurderte å bli prest

Dagleg leiar i AksjeNorge, Lene M. Refvik: – Berre sett deg eit mål og hopp i det

Meltzerprisvinnar Martin Fernø: Usikker? Vel utdanning som opnar dører?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE