Sett deg eit mål og hopp i det!

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 07.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du blant dei som bit negler og riv deg i håret, medan du nistirer på «SØK HER à»-knappen på Samordna Opptak?

Reknar du poeng om att og om att, medan du lurer på om du skal bli noko kreativt innan media (arbeidsledig), eller kanskje høyre på mor og vert ingeniør eller sjukepleiar (ikkje arbeidsledig)?

På fredag går søknadsfristen for høgare utdanning 15. april ut.

LES OGSÅ: Kunnskapsministeren vurderte å bli prest

Lene M. Refvik er dagleg leiar i AksjeNorge. Her er hennar råd for deg som slit med å velje utdanning.

Refvik har ein bachelor i Business Administration frå Handelshøgskolen BI og ein mastergrad i strategi og leiing frå NHH.

– Korleis tenkte du då du valde utdanning?

– Eg tenkte mykje og syns det var både spanande og utfordrande å skulle ta eit slikt val. Eg var usikker og brukte mykje tid, men valde å halde fram med økonomiske fag, som eg også hadde fokusert på gjennom vidaregåande. Eg syns både marknadsføring og bedriftsøkonomi var særleg spanande.

– Kva råd har du til dei som slit med å bestemme seg?

– Først og fremst: lag deg eit skikkelig mål, aller helst skriftleg. Skriv ned kvar du vil vere om 10 år, både sosialt, geografisk og økonomisk – og korleis du vil kome deg dit. Ta fram lappen om 10 år og sjå kva du skreiv. Sjansen er størst for å kome seg i retninga ein ønskjer dersom ein har eit tydeleg mål frå start.

– Og: hopp i det! Dei som angrar på val av utdanning er som regel dei som føler dei kom i gang for seint, eller ikkje kom i gang i det heile teke, meiner Refvik.

LES OGSÅ: Rekordmange vil bli politi

– Kor viktig har det vore for deg med høgare utdanning?

– For meg har det vore veldig viktig. Det har gjeve meg kunnskap å byggje vidare på, og samstundes gjeve meg spanande moglegheiter, svarar Refvik og legg til:

– Det er ikkje slik at læring byrjar eller sluttar med det valet du tek no, sjølv om det for mange kjennast som den endelege avgjersla mot vaksenlivet. Det vil også kome moglegheiter seinare i livet for å fordjupe seg vidare innan det ein syns er spanande, eller kanskje prøve noko heilt nytt.

Sjølv er Revik i full gang med vidareutdanning, etter 12 år i arbeid.

– Eg veit også om fleire som har gått vidare til å prøve heilt nye område etter 10-15 år i eit yrke. Igjen: Sett deg eit mål og hopp i det. Lukke til!

LES MEIR OM YRKESVAL HER!