Tennene avslører liva våre

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved å analysere skjelett og tenner, kan forskarar finne ut korleis personar levde i mellomalderen. Det har den biologiske antropologen Stian Suppersberger Hamre brukt til å studere folkesamansetjinga i norske byar, i SAMKUL-prosjektet.

LES OGSÅ: Kvinner som elskar menn

Mat fortel om rang, religion og reisemønster
Ifølgje Suppersberger Hamre er slett ikkje migrasjon noko nytt. Også i mellomalderen var norske byar busett av folk frå ulike delar av Noreg, frå store delar av Europa, og med sannsynlege innslag av folk frå fjernare strøk.

På nettsidene til Universitetet i Bergen fortel forskaren korleis han brukar kunnskap om mat til å undersøke kulturelle forhold.

Mat fortel ikkje berre kva matvarer og dyr som har vore tilgjengelege. I tillegg seier mat noko om kulturelle og sosiale forhold. Til dømes kan dietten til ein person seie noko om kva rang eller religion ho eller han høyrde til.

LES OGSÅ: Denne makken er vår stamfar

I tillegg kan dietten avsløre kvar ein person er fødd, og dermed antyde mønster for folkevandring. Matvaner fortel også noko om i kva grad dei tok til seg nye skikkar når dei kom til ein ny stad, og korleis dei vart integrerte.

Tenner og skjelett fortel kva folk åt
For å finne ut kva folk i mellomalderen åt brukar forskaren DNA- og isotopanalysar. Isotopanalysar av tenner og ribbein kan fortelje kvar ein person er fødd og har levd livet sitt.

Forskaren kan på ganske detaljert nivå sjå kva menneska åt for tusen år sidan, som kva ulike typar kjøt, sjødyr, korn og grønsaker som utgjorde dietten deira.

 Ved hjelp av skjeletta kan vi gjenskape individuelle historier, og det er då det verkeleg byrjar å bli gøy, seier Suppersberger Hamre til UiB.

På Christiekonferansen i Bergen 19. april skal han presentere heile livslaupet til ein person frå 1200-talet.

LES OGSÅ: Forskarar trur TV har gjort norske gutar dummare