Vert du motlaus av krisane i media?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor les du ikkje nyheiter

I mange år har Noreg vore i verdstoppen når det gjeld tida vi bruker på nyheitskanalane avis, TV og radio. Men i seinare år har tidsbruken på desse media gått ned i Noreg, i likheit med resten av Europa.

Medievitar Anders Helgerud har undersøkt kvifor nokre sluttar å lese nyheiter om politikk og andre samfunnsspørsmål.

Ikkje uengasjert
I tidlegare studiar og demokratiteori vert det ofte hevda at deltaking i samfunnet og lesing av nyheiter heng saman.

Denne masterstudienfinn derimot at det går fint an å vere samfunnsengasjert utan å lese nyheiter. Informantane til Helgerud ser ikkje på det å lese nyheiter som ein del av borgarplikta, utanom i spesielle situasjonar som valtider.

Fleire argumenterer også for at nyheitsmedia ikkje fungerer slik dei burde, og at dei i for stor grad er styrt av marknaden.

LES OGSÅ: Vi hugsar krisene i nyheitsbiletet

Idealet om den opplyste borgaren
Heilt sidan antikken har «den opplyste borgaren» vore rekna som ein føresetnad for aktiv deltaking i det politiske liv, og viktig for at samfunnet skal fungere godt.

Også i Grunnlova er dette idealet vektlagt, og staten er pålagt å leggje til rette for ein open og opplyst debatt. Nokre meiner ein demokratisk borgar pliktar å følgje nyheitene, og nokre hevdar låg nyheitslesing heng saman med lågare politisk interesse og lågare engasjement, skriv Helgerud.

Andre meiner dette er feilaktige slutningar. Ein nyare studie av amerikanske «medieunnvikarar», altså personar som avgrensar kor mykje nyheiter dei vert eksponert for, fann at det å unngå nyheiter ikkje nødvendigvis tyder at ein er uengasjert i samfunnet rundt seg.

I staden kunne desse personane trekkje seg unna fordi dei ikkje stolar på nyheitene.

– Informantane såg ofte på nyheitene som skapte og ikkje representative for den ekte verda. Journalistar og forskarar har også lenge peika på at journalistikken er i krise, skriv Helgerud.

Nokre forklara også at dei fekk nok nyheiter gjennom andre folk, eller at dei følte seg rolegare og fekk eit meir positivt menneskesyn av å ikkje følgje med på nyheitsbiletet.

LES OGSÅ: Unge usynlege i media: – Dette er draumeavisa vår

Tre typar eigenforklaringar
Helgerud har i sin studie gjort grundige intervju med 10 nordmenn mellom 25 og 30 år, som ikkje les nyheiter. Via Facebook kom han i kontakt med fem kvinner og fem menn i aldersgruppa. Desse er langt frå representative for alle som ikkje les nyheiter, men kan likevel bidra til forståing av ulik bruk av media.

I intervjua fann Helgerud tre typar forklaringar på eigen nyheitsbruk – den lidande, den fråkopla og den strategisk unngåande.

LES OGSÅ:«Media diskriminerer unge»

Dei lidande
Dei lidande har problem med å sjå menneskeleg liding, og unngår difor nyheiter. Dei føler seg motlause i møte med grusame bilete i media.

Dette valet kan vere knytt til høg empati, men også til problem med depresjon, traumatiske opplevingar, eller store endringar i livssituasjon. Dei lidande fortel om eit behov for å verne seg sjølv.

Samstundes fortel dei om interesse og engasjement for politiske saker. Det er altså ikkje nødvendigvis slik at dei med låg interesse for nyheiter også har låg politisk interesse.

Dei fråkopla
Dei fråkopla fortel derimot om låg interesse og lågt engasjement for både politiske nyheiter og menneskeleg liding. Dei kjenner ikkje at politisk informasjon er relevant, fordi dei kjenner seg lite knytt til politikken.  

Mange av dei fråkopla har også vanskar med å forstå politisk informasjon. Her heng låg interesse i nyheiter saman med låg kunnskap om politikk, men det er ikkje klårt om låg interesse fører til låg kunnskap, eller omvendt.

Det kunne også vere at dei fråkopla hadde låg interesse for nyheiter fordi dei meinte kvaliteten var dårleg. I tillegg meinte somme at det var mykje unødvendig støy i media, i form av irrelevant stoff.

LES OGSÅ: Ungdom blir diskriminert i samfunnsdebatten

Dei strategisk unngåande
Dei strategisk unngåande er oppteken av å ta aktive val og vere tydeleg i meiningane sine, noko dei meiner er mangelvare i dagens samfunn. Informasjon som kan gjere ein betre i framtidig arbeid er viktig, men å følgje med på nyheiter er ikkje rekna som fornuftig tidsbruk.

LES OGSÅ:Slik blir Erlend journalist på berre eit halvt år

Denne typen hadde gjerne klåre mål i utdanning og jobb, og var oppteken av å bruke tida riktig for nå måla sine. Kva nyheiter dei var interessert i var gjerne påverka av studieretning.

Berre i sjeldne tilfelle var politiske eller samfunnsøkonomiske nyheiter nyttige nok til å lesast. Koplinga til offentlegheita vart likevel halde oppe gjennom andre kanalar enn nyheitsmedia.

Kritiske til nyheitsmedia
Helgerud fann i studien at også ikkje-lesarar meinte media var viktig for å bidra til ei opplyst befolking. Samstundes er mange kritiske til korleis nyheitsmedia gjer jobben sin. Både dei lidande, dei fråkopla og dei strategisk unngåande trekkjer fram at media er styrt etter ein kommersiell modell, der underhaldning, sensasjon, kjendisar, vald og forbrukarstoff får stor plass.

Informantane meinte også at den politiske journalistikken er unyansert, vinkla på person framføre sak, og at det var for lite saker om problem som vert løyst.

Alle typane ikkje-lesarar meinte også at nyheitslesing ikkje var avgjerande for deira rolle i demokratiet. Å vere lovlydig, betale skatt og stemme ved val vart rekna som del av borgarrolla, medan dei var kritiske til tanken om å lese nyheiter for nyheitene si skuld.  Fleire fortalde samstundes at dei oppdaterte seg før val.

Helgerud argumenterer for at informantane stilte lågare krav til at borgarane skal ta til seg informasjon, enn til at nyheitsmedia skal drive folkeopplysing.

Studien tyder på at det er stor skilnad i kor samfunnsengasjerte dei som ikkje les nyheiter er.

– Med unntak av dei fråkopla, er det ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom låg nyheitsbruk og lågt engasjement i samfunnsaktuelle spørsmål, skriv Helgerud.

LES OGSÅ: Odins nyttige idiotar

Kjelde: Anders Helgerud, «Lidelse, frakobling og strategisk unngåelse. Om ikke-nyhetslesere mellom 25 og 30 år i et nyhetssamfunn». Masteroppgåve i medievitskap, Universitetet i Bergen, 2015.