– Media diskriminerer unge

– Som 17-åring kan du ta flylappen, men du får ikkje uttala deg fritt til avisa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Diskriminert av media

Det tar leiar i Press, Karoline Steen Nylander, til orde for å endra. Saman med Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening går ho til forsvar for ytringsfridomen til barn og unge i dagens Dagbladet.

Dei usynlege
Born og ungdom har rett til å heva stemma og bruka ytringsfridomen sin, men slepp altfor sjeldan til i media, slår Steen Nylander og Kjelling Nybø fast i kronikken «Ytringsfridom med 18-årsgrense».

I 2014 analyserte journalistikkprofessor Arne H. Krumsvik bruken av unge kjelder i norske nyhendemedium, og resultata var nedslåande. Rapporten fekk endåtil namnet «Dei usynlege». Barn og unge var mest til stades i lokale medium, og tendensen viste at det var samsvar mellom høgt anerkjende medium og lite dekning av barn og unge. Det er eit demokratisk problem.

LES OGSÅ: Unge usynlege i media: – Dette er draumeavisa vår

Ungdomsdiskriminering
Debatt og meiningsutveksling føregår i offentlegheita på dei vaksne sine premissar, og barn og unge må oppføra deretter seg – som små vaksne – for å få plass. Dette kallar Press for ungdomsdiskriminering.

Med kampanjen «Når du blir ung» vil Press fortelja ungdomar at det ikkje er dei, men systemet som feilar noko. Det er ikkje dei som er dumme eller gjer noko feil, men samfunnet som ikkje er innstilt på å høyra etter.

– Vaksne vil ikkje høyra på ungdom. Det er ein kamp verd å kjempa, seier Karoline Steen Nylander.

Har du tips til kva me bør skriva om? Tips oss her!

Faktaboks

Om Press

Press er ungdomsorganisasjonen til Redd Borna. Organisasjonen er partipolitisk og religiøst uavhengig, og består av ungdom mellom 13 og 25 år. Sjå http://www.press.no for meir informasjon.