Vi hugsar krisene i nyheitsbiletet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hellas' desperate økonomiske situasjon, IS' herjingar og båtflyktningane i Middelhavet er sakene som har gjort mest inntrykk på folk flest andre kvartal i år.

57 prosent seier at dei har bite seg merke i den økonomiske krisen i Hellas. Så følgjer angrepa til den ytterleggåande gruppa Den islamske staten (IS) med 56 prosent og situasjonen for båtflyktningane i Middelhavet med 52 prosent.

Det kjem fram i spørjeundersøkinga Agenda Tracker, der meningsmålingsinstituttet YouGov, medieanalysebyrået Retriever og PR-operatørane samarbeider om å måle og analysere dei mest omtalte sakene i norske medium.

– At den økonomiske situasjonen i Hellas er saka som gjer inntrykk på flest er ikkje så rart. Det blir skrive mykje om det, og mange har nok planlagt eller allereie gjennomført ferie i landet. Vi huskar jo helst ting som angår oss sjølv, eller nokon vi kjenner, seier medierådgjevar i PR-operatørane, Nils Johan Halvorsen.

LES OGSÅ: Kva skjedde i Hellas

Vil ha fleire gladsaker

På lista over dei ti mest omtalte sakene i andre kvartal 2015 er det saker med negativt forteikn som dominerer.

Syria er den saka som utvilsamt har fått mest omtale. Heile 18.124 gonger har saka blitt omtalt norske medium i andre kvartal. Det er nesten dobbelt så mange gonger som IS-terroren, som er omtalt 9.588 gonger.

– Når vi ser at situasjonen i Syria er den klart mest omtalte saka i norske medium, med nesten dobbelt så mange omtaler som neste sak, fortel det meg at mange nok føler at dei har nådd mettingspunktet når det gjeld Syria, seier Halvorsen.

Eit nyheitsbilde prega av negativitet er vanleg, likevel meiner 44 prosent av dei spurde at det er for mykje negativitet, og at media burde dekkje fleire gladsaker.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS

Heime bra, borte verst

Det er flest utanrikssaker som dominerer medvitet til folk, men av saker her heime svarer 28 prosent at debatten om kvoteflyktningar har gjort inntrykk. Vidare er det 18 prosent som har lagt spesielt merke til uroa i den norske oljeindustrien.

På Vestlandet har rett nok litt fleire bite seg merke i nedgangen i oljebransjen. Der oppgir 26 prosent av dei spurde at temaet har gjort inntrykk.

– Ein skulle kanskje tru at litt fleire nordmenn, og spesielt vestlendingar, ville sett oljekrisen høgare, så dette er litt overraskande. Fotball og FIFA-korrupsjonen engasjerer tydelegvis meir, når 29 prosent oppgir at dette har gjort inntrykk på dei, mens berre 18 prosent har merka seg oljesmaken, seier Kristina Nilsen, kunde- og analysesjef i Retriever.

Når det gjeld debatten rundt kommunesamanslåinga viser det seg eit misforhold mellom folket og media. 8.310 saker har tatt for seg temaet, men berre 12 prosent av befolkninga har lagt spesielt merke til dette.

– Samtidig er vi jo oss sjølv nærmast, så viss ein ikkje er direkte berørt legger ein kanskje ikkje spesielt merke til det. I mange lokalaviser er jo kommunepolitikk populært, men det ser ut til at innbyggjarane ikkje bryr seg like mykje som journalistane, seier Nilsen.

Faktaboks

Desse sakene fekk mest merksemd i media i andre kvartal 2015:

* Situasjonen i Syria – 18.124 saker

* Den islamske staten (IS) – 9.588 saker

* Debatt rundt kommunesammenslåing – 8.310 saker

* Den greske økonomien – 7.727 saker

* Oljekrisen – 6.718 saker

* Båtflyktningene i Middelhavet – 5.592 saker

* Jordskjelvet i Nepal – 5.031 saker

* Kvoteflyktninger – 4.266 saker

* Landbruksoppgjøret – 4.234 saker

* FA-toppane og korrupsjon – 3.968 saker

AgendaTracker-undersøkinga blir gjennomført som eit samarbeid mellom kommunikasjonsbyrået PR-operatørene, medieanalysebyrået Retriever og meiningsmålingsinstituttet YouGov.