Slik blir Erlend journalist på eit halvt år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Erlend Nordland Kristiansen, som kjem frå Knarvik. I august starta han på Nynorsk Avissenter si praktikantopp-læring i Førde. Lynkurset, som går over eit halvt år, skal gje praktikantane eit innblikk i korleis det er å jobba som journalist.

LES OGSÅ: Radøy er årets nynorsk-kommune

– Ein inngangsportal
– Eg har snust på tanken om å verta journalist fleire gonger, men enda opp med å ta ein bachelorgrad i medievitenskap. Då eg oppdaga denne praktikantopplæringa tenkte eg det kunne vera ein inngangsportal til å prøva meg i arbeidslivet skikkeleg. Oppgåva ein får på universitetet er teoretisk – det jobbast ikkje praktisk, slik ein gjer i den verkelege verda. Sidan praktikantopplæringa held til i avisa Firda, og vi skriv reelle saker for dei, får eg no relevant erfaring, seier 24-åringen.

Kristiansen meiner det er bra å få oppleva ein redaktør som «kjeftar» og tidspresset ein har rett før deadline.

LES OGSÅ: Slik skal dei få ungane til å høyra meir nynorsk

Frå null til hundre
– Dette er ekte, ikkje halvvegs! Det er berre bra å kjenna at ein har puls, smiler han.

Journalistpraktikanten, som til no har skrive saker innan kultur, sport og nyheiter fortel at dagane er hektisk, men at læringskurva er bratt.

– Det har gått frå null til hundre på kort tid. Den store draumen er å kunna leva av å jobba som journalist, seier Kristiansen til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Nynorsken tapar: Meland brukar 15 millionar i året på bokmålsklassar

Praksis frå dag ein
– Elevane er i reel praksis frå dag ein. Avisa Firda er deira største klasserom, og der har dei fire praktikantane kvar sin mentor, fortel dagleg leiar for Nynorsk mediesenter, Ivar Myklebust Longvastøl.

Han legg ikkje skjul på at jobbmarknaden er tøff i denne bransjen.

– Men gode journalistar er viktigare enn nokon gong, seier Longvastøl. Og legg til at søknadsfrist for nye praktikantar er 18. oktober 2015.

LES SAKA I NORDHORDLAND!