333 173 grunnar til å elske norsk

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag møtest språkfolk og ordbokfolk frå heile Europa i Oslo for å feire ei av dei største vitskaplege ordbøkene i verda. Norsk Ordbok ligg føre komplett i 12 band med 333 173 oppslagsord på 9637 sider. Flusken, jåttut, mugetuft, stæveleg og åværig er berre fem av grunnane til å elske alle dialektane og det nynorske skriftspråket.

Ideen blei lansert på ein laurdag. Den 5. mars 1927 hadde Det Norske Samlaget årsmøte. Der tok psykologen og ordbokskaparen Ola Raknes til orde for å lage ei «ei heilsleg norsk idiom- og synonym-ordbok». Same året søkte forlaget om 75 000 kroner fordelt over åtte år til «ei ordbok yver det nynorske målet med ordtydingar på nynorsk». Våren 1930 løyvde Stortinget dei første 5000, litt over 160 000 i 2015-kroner.

Frå første dag var dette Samlaget sitt prosjekt, og dei styrte det åleine i 42 år. Frå 1972 blei vitskapsmiljøet for språksamlingar og leksikografi omorganisert i regi av Universitetet i Oslo. Ingen har eigt meir i dette verket enn Samlaget. Likevel står dei ikkje på talarlista når Universitetet i Oslo byd inn til ordbokfest i Universitetsaulaen i Oslo. Det var der Tarjei Vesaas las den mektige prologen sin til første hefte av band ein i 1950.

Det er vanskeleg å forstå kor svært Norsk Ordbok er. Viss nokon ordna seg slik at eitt nytt oppslagsord kom opp på skjermen kvart minutt frå og med kl. 13.00 i dag, ville den stakkaren som fann på dette, kome til det siste ordet akkurat i tide til å tenne det første adventslyset i 2016. Første søndag i advent kl. 21.53 kunne ho reise seg og hente dei siste knekkebrøda frå handleturen den onsdagen i mars.

Men nei, ho ville vere ferdig lenge før. Berre oppslagsord frå og med i er digitaliserte slik at dei kan lesast som enkelttekstar på ein skjerm. Desse 186 000 oppslagsorda ville ho vere ferdig med i eittida fredag 15. juli 2016.

Norsk Ordbok blei digital lenge før Mark Zuckerberg skapte Facebook. På papiret er språket heilt og fullt, men i digital form tek dialektane og nynorsk til på bokstaven i. Difor kan om lag 147 000 ord berre søkjast opp i den trykte utgåva. No manglar ord som andlet, bil, grunn, gå, ha.

Tusenlappane i 1930 blei til millionar. Med iallfall ein strek under svaret har eg rekna meg fram til at Stortinget har satsa 255 millionar 2015-kroner på Norsk Ordbok. Fordelt på dei 85 åra frå 1930 til 2015 har den årlege investeringa vore på tre millionar. Som ein liten reknefeil i eit sjukehusføretak eller ein desimal i ein nasjonal transportplan.

Ordbokverket Norsk Ordbok er komplett, og 88 prosent av jobben er gjort. Å fulldigitalisere og oppdatere første delen av verket kan kanskje gjerast for om lag 36 millionar fordelt over mange år. Det som står att i kroner, utgjer 12 prosent av det som er gjort og det som må gjerast. Ingen byggjer ein tunnell på tusen meter og stoppar alt arbeidet like før siste salva.

Heile det norske samfunnet og heile den nynorske skriftkulturen eig Norsk Ordbok. Den tanken Ola Raknes forma i 1927, blei til det største forskingsprosjektet i norsk humaniora norsk historie. I 85 år heldt dei på, på tvers av alle språkvitskaplege tidsmotar, og med evne til endring når det gjaldt som mest.

Norsk Ordbok er så mykje meir enn ei samling av ord i streng alfabetisk rekkjefølgje. Verket er også meir enn forteljinga om språket si utvikling. Norsk Ordbok er den norske kulturhistoria frå 1600-talet til dag, slik folk flest sette ord på si eiga samtid og fortid, det dei gjorde, det dei drøymde om å gjere. Ei av dei eldste ordsamlingane er frå Vest-Agder like etter 1600. Slik held Norsk Ordbok fast for all tid historia om Noreg sett og levd nedanfrå, heile landet, alle sosiale klassar, kvinner og menn, unge og eldre. Norsk Ordbok er røynda både i og bortanom kvardagen. Eit meir demokratisk verk er aldri skrive og publisert på norsk.

S-en er den mest brukte forbokstaven i mange germanske språk. Difor er det blitt eit munnhell å seie at ordbokredaktørar døyr midt i S-en. Det einaste dødsfallet av det slaget gjeld Jacob Grimm, han som saman med broren Wilhelm samla eventyr og ei tysk ordbok som til slutt var på 320 000 oppslagsord. Jacob Grimm døydde alt då han skreiv på artikkelen «Frucht» i 1863.

LES OGSÅ: Kan du over 100 skiord?

Det gjekk betre i Norsk Ordbok. Eit slikt verk blir ikkje til av solistar, men eit heilt orkester med ti hovudredaktørar og 52 redaktørar, og i salen sit meir enn 700 menneske. Så mange var det som samla og skreiv ned ord og uttrykk slik at Norsk Ordbok til slutt hadde 3,2 millionar setlar med ord og uttrykk. Handarbeidslæraren Bergit Rike frå Valle i Setesdal leverte åleine 53 000 setlar, Ragnhild Paulsen frå Nøtterøy 20 000 ord i nøttlandsdialekten og Ingeborg Donali frå Oppdal fylte på med ordbøker frå Oppdal og Røros.

Legendariske Alf Hellevik var hovudredaktør i 30 år og for dei to første banda. Seinare har Lars S. Vikør vore ein av hovudredaktørane for ti band, Oddrun Grønvik for sju og Dagfinn Worren for seks band.

Frå 2002 var først Kristin Bakken og seinare Åse Wetås prosjektdirektørar. Bakken tok redaksjonen inn i framtida utan eit einaste knyst av offentleg uro. Lojalitet blei praktisert lenge før artikkelen om det ordet stod på trykk i 2008. Wetås trudde ein gong at ho skulle bli lege og tok heldigvis feil. År for år smilte ho fram arbeidet frå meir enn 30 medarbeidarar til ho sommaren 2015 sat nesten mo åleine att på Blindern og venta på livet etter åværig.

Stortinget betalte for eitt verk og fekk tre. Norsk Ordbok var tenkt i tre band og blei på 12. Det blei endå to til, for i 1986 kom Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Begge bygde på det enorme stoffet i Norsk Ordbok. Bokmål var avhengig av nynorsk slik nynorsk er avhengig av bokmål.

Ola Raknes tok ordet i 1927, men når tek ei historie til? Norsk Ordbok tek minst til i år 1600. Ei av ordsamlingane skriv seg frå det året. Sjølv Norsk Ordbok kjem til kort når ein skal setje ord på det store, kollektive løftet frå 1600-talet til i dag. Mang ei språkvitskapleg avhandling er kuriøs om hundre år. Norsk Ordbok har endå større verdi då enn no.

Det verket som er fullført i dag, er sjølve brua mellom fortida og framtida. Den brua må haldast døgnopen, iallfall til ut på ettermiddagen domedag.


Først publisert på Aasentunet.no.

LES OGSÅ: Under arbeid i 86 år