Under arbeid i 86 år

Det tok 36 år å få ut det første bandet av Norsk Ordbok, og det skulle gå 50 år til før det siste kom ut.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidet med Norsk Ordbok byrja i 1930 etter at Stortinget løyvde pengar til føremålet. Det Norske Samlaget gav i første omgang ut redigerte ordartiklar basert på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt i hefteform, det første i 1950. I 1966 kom det første bokbandet, som dekte oppslagsorda a– doktrinær.

Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo tok over ansvaret for Norsk Ordbok i 1972, og det andre bandet kom ut seks år seinare.

Med støtte frå Kulturdepartementet vart storsatsinga Norsk Ordbok 2014 starta i 2002 og staben meir enn tredobla for å få verket ferdig til grunnlovsjubileet i 2014.

Frå 2016 er det Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen som har ansvaret for det vidare arbeidet med Norsk Ordbok og dei nasjonale språksamlingane. 

LES OGSÅ: Norsk Ordbok frå a til å