Politistudentar mest nøgde med studiet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse studentane er mest nøgde

77 prosent av studentane svarer at dei er tilfreds eller svært tilfreds med studiane sine. Snitt scorar studiane 4,1 poeng av 5 moglege, ifølgje Studiebarometeret som blei lagt fram tysdag.

Politistudentane gir 4,7 poeng til studiet sitt og toppar lista. På dei neste plassane kjem tannlegestudentane og arkitekturstudentane.

– Det er veldig gøy. Eg er ikkje overraska over at studentane ved Politihøgskolen scorar høgt i Studiebarometret. Eg har inntrykk av at Politihøgskolen tar studentane seriøst, og heile tida er opptatt av å tilby ein relevant studie, seier Eirik Ravndal, studentrådsleiar for Politihøgskolen Oslo/Kongsvinger.

– Kva trur du grunnen kan vera at studentane er så nøgde?

– Politihøgskolen tilbyr eit variert og omfattande studie, som både inneber klasseromundervising og praksis.  Første og tredje året er teoribasert medan heile andre året er praksis ute i politidistrikta. Kombinasjonen praksis og teori er godt balansert, og det meste av undervisinga blir opplevd som relevant for politiyrket.

– I tillegg har politihøgskulen eit fantastisk studentmiljø. Her er me ikkje langt unna eit «alle kjenne alle»-miljø.  Dette kjem nok av at me alle tar ein studie som er retta inn mot eit spesifikt yrke. Me har dermed mange av dei same interessene og hobbyane. Politistudentar er engasjerte og omgjengelege, og er vel så oppteken av det sosiale som å gjera det bra på skulen.

Les reportasje frå Politihøgskolen!

Ravndal gjekk sjølv første året på PHS Kongsvinger, før han var i praksis i Rogaland Politidistrikt (Sør-Vest). No er han tredjeårsstudent på PHS Oslo.

– Eg er godt nøgt med studiane, spesielt andre året der me fekk prøvd oss ute i distrikta. Her jobba me saman med ein rettleier, og fekk sjå korleis politiet jobba i praksis. Me fekk prøvd oss i fleire ulike stillingar, og fekk eit unikt innblikk i det å jobba som politi.  Eg har òg fått mange nye vener på PHS, og synest me har eit godt student- og læringsmiljø.

LES OGSÅ: Studentane jobbar meir enn før

Jobbrelevant utdanning
Private høgskular og kunsthøgskular scorar jamt over bra. Høgskulen med dei aller mest nøgde studentane går på Høgskolen Betanien i Bergen.

Studentane på grunnskule (bachelor og master) og ingeniørutdanningane opplever studieprogramma som minst stimulerande.

Det studentane likar best med studiane er arbeidslivsrelevans; heile 88 prosent meiner studieprogrammet deira er relevant eller i stor grad relevant. Studentane er minst fornøyde med medverknad og undervisning og vegleiing.

LES MEIR OM YRKESVAL  HER!

Studentane er så nøgde med studiane sine alt i alt (på skala frå 1-5):