Politiskulen 2

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– POLITIET. STÅ I RO, SLEPP KNIVEN!

Inne i AT-sal 2 på Politihøgskolen i Oslo (PHS) legg politibetjent Kristen (21) kjeltringen ned i bakken. Makker Marthe (23) tek tak om handleddet til tjuvradden, og strekk beherska ut armen hans. Kjeltringen spenner imot. Det skulle han aldri gjort. Betjent Marthe pressar albogeleddet hans ned i vreng mot underlaget. Hyyyl! Makkerane ber om assistanse, og politibetjent Nicolai (22) tvingar dei sprelske røvarbeina saman, før han set handjern på kjeltringen. Her er det inga kjære mor.

Dei tre politistudentane trenar arrestasjonsteknikk (AT) på campus ved Majorstua. Golvet er dekt av kvadratiske gummiputer, og rommet har eit bleikgustent preg med eit par upussa takruter som einaste lyskjelde. Lufta står stille. Her inne skal dei lære seg å fakke tjuvar i framtida. AT går ut på å vri og «bende» kjeltringen inn i uuthaldelege posisjonar, slik at dei får arrestert han.

– Vi trenar på å leggje folk ned i bakken ved å bruke så lite makt som mogleg. Det viktigaste er ikkje kor barsk du er, men at du kan teknikken, seier Kristen.

Når ein tenkjer på ein politibetjent, ser ein for seg ein rakrygga, muskuløs og høg mann med steinandlet og stålkontroll. Eit besøk ved PHS utfordrar denne stereotypien. Ein veksande pensumliste, slakkare inntakskrav for etniske minoritetar og ei stor kvinnebølgje har gjort politistudiet mindre barskt og meir kjenslevart. PHS er ikkje lenger ein testosteronfylt yrkesskule. Akademia har inntatt korridorane. No snakkar dei ein gong så røffe gutane om «å hjelpe ein stakkar på bussen», om kollektivt ansvar, sosiologi og psykologi. Musklar, får vi høyre, er berre ein del av politipakka.

– Politistereotypen er i ferd med å bli brote ned. Han er ikkje lenger kjempemuskuløs med eit spist, hardt andlet. I 80-åra endra politikulturen seg frå å vere cowboy og macho til å bli meir reflekterande og audmjuk, seier Nicolai.

Politibeltet ligg tungt lasta på hoftene hans, og dei mørkeblå bomullsbuksene er bretta opp over to berre føter. Han ser utan tvil mandig ut, men det finst ingen råskap å spore i det milde blikket. Trioen har danna ein lågmælt samtalesirkel på golvet.

– På kullet vårt har vi alt frå bitte små jenter til oksemenn utan nakke. Vi er ein allsidig gjeng som kan spegle att samfunnet. Folk trur at politihøgskulen er ein muskelmasse-utdanning, men det er feil, seier Kristen.

Muskelbunt eller ei, politistudiet er ikkje for pyser. Eit oversyn over alle skadar som er registrert ved PHS i Oslo, Bodø, Stavern og Kongsvinger dei siste fem åra beviser dette. Det kan virke som om PHS-studentane har ein røff kvardag. To vordande politikonstablar forstua både rygg og skulder i ein kollisjon mellom snøscooter og ein parkert campingvogn. Ein annan gjekk heim hoven og med brist etter at nokre slo eit skjold mot nasa hans under trening. Ein student mista kjensla i tommeltotten etter uhellet «for stramtsittande handjern». Heller ikkje tanngarden får vere i fred. Ei skulder vart slått mot den høgra fortanna til ein ganske uheldig mann, og han vart ei halv tann fattigare. Tilfellet «sikring av hundeførar i skog, fekk ei kvist i auget» resulterte heldigvis ikkje i noko vondare enn ein sårskade, medan han som vart hengjande fast i eit hinder i hinderløypa skadde bicepsmusklane sine. Makkerane Nicolai, Kristen og Marthe har heller ikkje gått uberørt gjennom skademekkaet.

– Eg skulle leggje ein medstudent i bakken, og køyrde tåa inn i kneet hans slik at eg byrja å blø. Vi har masse små arr på føtene etter småskader i trening. Etter AT-trening har eg alltid litt vondt i kroppen, sjølv om vi varmar opp godt, seier Nicolai.

– Eg var fastlåst i eit grep ein gong, og skulle kjempe meg lòs. Det enda i at eg fekk lugga ut masse hår, seier Marthe.

LES MEIR: Møt ein politimann

Lista over skadar ved PHS er lang. Likevel viser det seg at mengda skader har gått ned frå 15 prosent i 2007 til 5 prosent i fjor. Brusar det mindre i morgendagens politiblod? Har politistudiet vorte meir akademia og mindre action, eller er dei berre flinkare til å ikkje skade seg?

– Vi har gått frå å vere fagskole til høgskule, forklarar Pål Lagestad, førstelektor ved PHS i Bodø.

– Sidan 2009 har studentane måtta skrive ei bacheloroppgave, og dei har eit omfattande pensum, og mange i fag som psykologi og sosiologi i tillegg til den fysiske treninga, seier han.

Lagestad har nyleg disputert med doktorgradsavhandlinga «Fysisk styrke eller bare prat. Betydningen kjønn har i fysisk aktivitet og politiets ordenstjeneste». Han veit at politi-yrket ikkje berre er fare og spenning.

– Å vere politi er ikkje som på TV. Politiarbeidet er forholdsvis lite actionfylt. Ein politibetjent brukar fysisk makt i gjennomsnitt éin gong i månaden. Størsteparten av politiarbeidet krev ikkje særlege fysiske ferdigheitar. Det meste handlar om å kommunisere verbalt med publikum, seier han.

SJÅ BILETSERIE TIL REPORTASJEN!

Førsteårsstudentene har totalt 16 fag og ni eksamenar. Lagestad underviser Bodø-studentane i fleire av dei, mellom dei AT. Han meiner det er avgjerande at dei maktar å ta i eit tak i tillegg til å kunne prate for seg.

– Dei norske politigeneralistane er kanskje dei best trena politigeneralistane i verda. Dei er veldig sterke og uthaldande. Studentane fortel meg at dei ynskjer seg meir praksisrelatert undervising, at dei vil øve meir på den jobben dei faktisk skal gjennomføre ute i gata. I dag blir teorifaga meir «nice to know» enn «need to know». Det er viktig med teori, men politiutdanninga må bli flinkare til å vise studentane koblinga mellom teorien og arbeidet dei skal gjere.

Bang! Lyden av ein steinhard batong treffer gummiputa kontant. Nicolai og Kristen øver på enkeltslag. Dei intensiverer kampen, og går over på dobbelslag og krysslag. Bang, bang! Batongen er venen til politiet i nauda. Kølla hengjer alltid i politibeltet, klar til å bli slått mot den gråbleike huda til ein kjeltring.

– Har du batong, treng du ikkje eit skummelt andlet, forklarar Kristen.

Men det er ikkje alltid den harde staken set fienden ut av spel. På PHS går forteljinga om den amfetaminrusa narkomane som var så skindaud at han ikkje kjende dei nådeløse batongslagene. Han sat inne på klosettet, og nekta å kome ut. Det enda i at politiet måtte spyle han ut av den trygge båsen.

– Nic, ta Harry Pottar-slaget, då!, oppfordrar Kristen.

Nicolai stiller seg midt i AT-romma med ein kort batongstump i høgre hand. Han fektar den resolutt opp i vêret, og batongen forvandlar seg til ein lang stav. Han er overlegen no. Fienden kan berre gje seg hen.

Trioen set seg ned i samtalesirkelen. Tid for prat igjen. Nicolai, Marthe og Kristen kjenner seg igjen i skildringane til Lagestad.

– Studiet er mykje meir akademisk enn eg hadde forventa. Vi trener mindre enn eg trudde vi skulle. Det er ikkje like fysisk hardt å gå her, men eg trur politistudentane i dag er meir reflekterte enn dei som gjekk er for 20 år sidan, seier Nicolai.

– Ja, det er ikkje det fysiske, men det etiske aspektet ved utdanninga som det blir sett mest fokus på, seier Kristen.

Til hausten skal studentane vere politi for første gong. Ute i praksis i Bergen, Røyken Hurum og Follo må dei rykke ut på brann og trafikkuhell. Ifølgje Lagestad bør dei satse på ein folkeleg politistil der dei går lågt ut, viser høfligheit og respekt. Slikt likar vi nordmenn. Kristen vil i så fall score høgt.

– Eg var musikar og barnehageonkel før eg fann ut at eg ville bli politi. Eg likte så godt at nokre trong meg, så tenkte eg: Eg kan vere samfunnet sin politionkel. På bussen her om dagen støtta eg ei gammal dame bort til eit ledig sete. Sånne ting likar eg. Eg gleder meg mest til å hjelpe folk når eg skal gå fotpatrulje neste år, seier Kristen, og meiner det.

Av omsyn til sine framtidige politikarrièrer, ville ikkje studentane ha etternamn på trykk.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!