Kvar femte student er ofte einsam

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

18 prosent – nesten kvar femte student – er einsam, ofte eller heile tida.

Det kjem fram i ei ny undersøking utført av Sentio for Universitas og Norsk studentorgansiasjon (NSO).

Leiar i NSO Therese Eia Lerøen tykkjer tala er skummelt høge og oppmodar både studentar og utdanningsinstitusjonar til å ta problemet på alvor.

– Tala viser jo at det er behov for å fanga opp fleire. Det vitnar om stort forbetringspotensial. Semesterstarten er difor eit godt høve til å inkludere dei som fell utfor, seier Lerøen til Universitas, som først omtala undersøkinga.

LES OGSÅ: Studentar risikerer langvarig stress

Betre hjelpetenester
Lerøen peikar òg på at pågangen til hjelpetenestene er stor, medan kapasiteten er for dårleg.

NSO meiner difor at psykolog- og rådgjevartenestene til studentsamskipnadene og kommunane i dag også må styrkast.

Studentpsykolog frykter Kitty Byng meiner folk flest er for dårlege til å snakka om ting me slit med og fryktar at einsemd kan få negative konsekvensar for studiane.

– Ein spør seg: Kva er vitsen med utdanninga, kvifor skal eg studere dette. Fleire fortel òg at sjølve studenttilveret kjennest einsamt. Til dømes det å lage middag åleine til seg sjølv, eller å bo åleine på ein liten hybel og kjenne seg fysisk isolert frå andre. Eller at dei mangler nokon å prate med om korleis dei har det, seier Byng.

LES OGSÅ: Mindfulness på timeplanen?

Faktaboks

Einsemd

1 av 5 av norske studentar er ofte eller hele tida einsame

1 av 3 kjenner seg einsam av og til.

Kvinnelege studentar er oftare einsame enn mannlege

36 prosent mellom 16-24 år er litt, ofte eller mykje plaga av einsemd (SSB)

Fem prosent av alle nordmenn manglar ein fortruleg ven.

Sju prosent har lite kontakt med venner (SSB)

Kjelde: Sentio og SSB