Ventar opptil 60.000 asylsøkjarar i år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år trur UDI det kan komme opp mot 50.000-60.000 søkjarar.

Over halvparten av søkjarane i fjor kom i oktober og november, opplyser direktør Frode Forfang i Utlendingsdirektoratet (UDI).

– Det summerer opp nokre av utfordringane. Den bølgja vi hadde på hausten, var ekstremt høg, seier han.

Han trekker også fram utfordringa ved dei mange einslege mindreårige asylsøkjarane, som utgjorde rundt éin av seks i 2015.

– Veksten var sterkare enn den generelle veksten, seier UDI-direktøren.

Flest asylsøkjarar i 2015 kom frå Syria. Dei 10.536 syrarane utgjer meir enn ei firedobling frå 2014.

Så følgde personar frå Afghanistan (6.987), Irak (2.991), Eritrea (2.947) og Iran (1.342). Frå andre land kom det 6.342 søkjarar.

For Afghanistan, Irak og Iran er talet på søkjarar auka med mellom ti og femten gonger frå 2014. (©NPK)

Tala under viser auken i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar:

I 2015 kom det over éin million båtflyktningar til Europa. Her er talet på einslege mindreårige som søkte asyl i Noreg. Tabell: UDI Foto: Colourbox