Dette hugsar vi best frå 2015

Ein modig ung mann, sekretæren til Nelson Mandela og historiske Runar Søreide Skogedal er blant dei som har gjort størst inntrykk på Framtida-redaksjonen i 2015.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mange saker som merkar seg ut i året som har gått. Paris har vore åstad for to store terrorangrep 7. januar og 13. november – og eit historisk klimatoppmøte på slutten av året, der me i Framtida.no stilte med to journalistar.

25. april rammar eit stort jordskjelv i Nepal og minst 7000 menneske mistar livet og langt fleire mistar heimane sine. Mange nordmenn er med på å samla inn pengar til dei ramma.

Krigen i Syria fører endå fleire på flukt. Noreg opplever ein stor auke i talet på asylsøkjarar. Mange stiller opp frivillig for flyktningane, medan andre tar til orde for store innstrammingar. AUF-leiar Mani Hussaini oppsummerer året slik:

– Verda står overfor ein svært krevjande situasjon, og sjølv om dette har fått fram det beste i mange, har det òg fått fram det verste hos andre.

Elles har me skrive mykje om lokalvalet og hatt ein serie om glokalt klimaval og om det grøne skiftet. Mellom anna fann me ut at under halvparten av lokalpartia nemner klima i valprogramma sine.

Her er nokre av sakene som har gjort størst inntrykk på oss i Framtida.no-redaksjonen:

Då Jens fortalde om HIV-diagnosen for første gong

Før verdas AIDS-dag var eg så heldig å få møta Jens Tekle, ein 27 år gamal nordmann som vart HIV-smitta allereie som 21-åring. Eg lærte mykje om korleis det er å leva med HIV i Noreg i dag. Ikkje minst lærte eg mykje om alle fordommane og mangelen på kunnskap.

Då eg leita etter ein ung person som kunne fortelje om korleis det er å leva med HIV hadde eg ikkje forventa at nokon under 30 skulle våga å stå fram. Difor vart eg ekstra imponert over Jens, som fortalde så ope og reflektert om sine tankar og erfaringar.

Dette var første gang Jens fortalde offentleg om diagnosen sin, men det vert neppe den siste. Han hadde nemleg funne ut at han kan bruka ressursane og historia si til å skapa meir openheit om ein tabubelagt diagnose. Det er det verkeleg behov for.

HIV er diverre ikkje noko som berre høyrer 80-talet til. Det er heller ikkje noko som berre råkar fattige i Afrika. Sjukdommen er på frammarsj i Europa, mykje på grunn av Russland der informasjonsarbeid og testing er vanskeleg. Og i kampen mot HIV er kunnskap det beste våpenet. Å vera HIV-positiv er slett ingen dødsdom i Noreg i dag. Det er likevel kjempeviktig at folk beskyttar seg og testar seg, slik at ein ikkje lev med smitta utan å vite det. HIV-positive får i dag så gode medisinar at dei kan leva lange liv og ikkje risikerer å smitta nokon. Det er likevel eit stort stigma å få merkelappen HIV. Det er fordommane me må til livs.

Les intervjuet med Jens Tekle her!

Journalist Andrea Rygg Nøttveit


Biletet frå bokomslaget er Zelda la Grange sitt favorittbilete saman med Nelson Mandela. Foto: Halden Krog

Den kvite kvinna bak Nelson Mandela

Eg hadde aldri høyrt om Zelda la Grange før boka hennar, God morgon, herr Mandela, kom på norsk i år. I haust vitja sør-afrikanaren Noreg, og dermed fekk eg høve til å møte kvinna som har vore Nelson Mandelas personlege sekretær i nær tjue år.

Historia hennar er fascinerande og nær utruleg. Ho vaks opp i ein kvit sørafrikansk familie som støtta apartheid og frykta Mandela, og enda opp som ein av hans nærmaste.

Ikkje berre var det interessant å høyre hennar synspunkt på arven etter nobelprisvinnaren og den tidlegare presidenten i Sør-Afrika. Det var også spanande å høyre om dei utallige kuriøse møta med diverse kjende namn le Grange kunne fortelje om, frå Michael Jackson og Pierce Brosnan, til Muammar al-Gaddafi.

Ikkje minst gjorde det inntrykk med ei påminning om det valet Mandela tok, då han etter 27 år i fengsel omfamna fiendande sine. Han kunne valt vald, men innsåg ifølgje le Grange at fred var den einaste vegen framover.

Som sekretæren hans sjølv sa: Kan du førestille deg korleis verda hadde vore om kvar einaste person tok til seg den lærdomen?

Les saka om den kvite kvinna bak Nelson Mandela her.

Journalist Tora Hope


Historiske Runar Søreide Skogedal

Sjå godt på bildet over av Runar Søreide Skogedal og faren Geir Tore Søreide! Ser du kor stolt faren er av sonen? Runar Søreide Skogedal er den første med Downs syndrom som har stilt til val i eit kommuneval i Norden. 23-åringen gjekk til val på å laga arbeidsplassar og betre fritidstilbod for utviklingshemma i Fitjar. Han er ikkje redd for kommunesamanslåing, og seier han vil snakka vennene sine si sak.

Forbundsleiar Jens Petter Gitlesen i Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) og SV-leiar Audun Lysbakken sa til Framtida.no at det er viktig for demokratiet at òg utviklingshemma får sleppa til i politikken. Eg er heilt einig.

Runar Søreide Skogedal fekk mange slengarar i valet, og mangla berre 18 stemmer på å koma inn i kommunestyret. Men kanskje går det neste val?

Av andre saker eg hugsar godt frå året som har gått er kåringa av verdas beste nynorske blogg, den klare talen frå Amram Hadida om det grøne skiftet, åtvaringa om veksesmeter i festival-Noreg og saka eg laga om radikalisering på Vestlandet.

Kva saker hugsa du frå året som har gått? Og kva vil du at me skal skriva om i det nye året?

redaktør og journalist Svein Olav B. Langåker