Lysbakken: – Veldig stolt over Runar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- No er eg kjendis

Onsdag kveld kunne me fortelja om at 23 år gamle Runar Søreide Skogedal som er den første i Noreg med Downs syndrom som stiller i eit kommuneval.

LES SAKA: Runar kan bli historisk

Sidan dette har både NRK, TV2, NTB, P4, ABC Nyheter og fleire andre nettaviser hatt saker om han. Og Vestlandsrevyen kom på besøk heim til Fitjar – og jammen blei det ikkje innslag på Dagsrevyen òg.

– Det har vore mange som har ringt. No er eg kjendis, seier hovudpersonen sjølv, som gler seg til å sjå seg sjølv på tv.

– Korleis er det å vera kjendis, då?

– Det er gøy, seier Runar og synest Vestlandsrevyen var veldig greie då dei kom på besøk.

– Viktig for demokratiet
No får Runar Søreide Skogedal skryt frå partileiaren sin:

– Eg er veldig stolt av Runar og at det er SV som slepp han til i politikken, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

– Det er eit viktig demokratisk spørsmål, synest eg. Kommunane våre tar stilling til mange saker som har mykje å seia for folk med Downs syndrom og funksjonshemmingar, held han fram.

Audun Lysbakken meiner den unge fitjarbuen skaper demokratisk historie.

– Han representerer ei gruppe som har blitt møtt med mange fordommar og diskriminering. No er det på høg tid at dei òg blir representerte i politikken. Det er mange menneske med Downs syndrom som har mykje å bidra med, seier han.

LES OGSÅ: Melder seg ut av SV i protest mot ultralydvedtak

Runar Søreide Skogedal seier han vil jobba for fint vêr og fred og ro.

Gjorde inntrykk på SV-leiaren
SV-leiaren trefte Runar Søreide Skogedal i fjor haust på Heiane, på ein kafé som 23-åringen var med på å driva.

– Det gjorde inntrykk på meg å treffa han. Han har klare meiningar, og erfaringar som ingen andre kommunepolitikarar har hatt tidlegare.

Runar Søreide Skogedal takkar for skryten frå partileiaren sin.

– Det er kjekt å høyra, seier han.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om SV?