– Det var heilt vilt, og mange hadde panikk

Ørstingen Karoline Ryslett Follestad oppheld seg i jordskjelv-råka Nepal.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var heilt vilt

– Eg er saman med venner, og vi har det fint. Eg håper leilegheita mi framleis står,  seier Karoline Ryslett Follestad på Facebook-sida si.

23-åringen er student i Nepal der det har vore eit svært kraftig jordskjelv, og no er ho i Katmandu.

Skjelvet laurdag føremiddag hadde episenteret om lag 80 kilometer aust for byen Pokhara. Det var ifølgje VG så kraftig at det kunne merkast i New Delhi og fleire andre byar i nabolandet India.

Omkom

Mint 688 menneske skal ha omkome i jordskjelvet som hadde ein styrke på 7,9 på Richters skala.

– Vi er på ein veldig god plass når det først skulle skje, seier Karoline Ryslett Follestad etter at ho vart evakuert.

Ho studerer sosialantropologi ved NTNU i Trondheim. No er ho utvekslingsstudent i Katmandu i Nepal.

– Ho bur i femte etasje, men ho skulle på eit arrangement i ettermiddag. Truleg har ho opphalde seg på ein open plass og kome seg unna, sier Kari Ryslett, mor til Karoline, til  smp.no.

Les saka i Møre-Nytt!