– Dette er eit av mange tiltak som vil straffa barn for å flykta frå ein usikker kvardag. Det er heilt uhaldbart, seier leiaren i Press.

mm

Aftenposten melder i dag at UDI vil alderstesta fleire einslege mindreårige asylsøkarar som seier dei er under 18 år. Alderstesting blir gjort i tilfelle der det er tvil om alder, og har store konsekvensar for den vidare omsorga til barnet.

Alderstestane har fått kritikk for å vera unøyaktige blant anna frå NOAS, Barnelegeforeningen, Legeforeningen og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. No skal prosessen effektiviserast, og omfanget aukast.

Press reagerer spesielt kraftig på at utlendingseininga til Politiet no skal innhenta samtykke frå asylsøkaren til å gjera ein alderstest. Vanlegvis har samtykke blitt innhenta ved tilkomesamtale hos UDI, der barnet har hatt høve til å ha med verje som følgjer saka vidare.

LES OGSÅ: Intervju senkjar alderen

– PU er allereie i dag i ein vanskeleg situasjon, og har særs liten barnefagleg kompetanse, seier leiar i Press, Karoline Steen Nylander.

– At politiet blir gitt styresmakt til å innhenta samtykke til alderstest, set potensielt allereie sårbare barn i ein endå vanskelegare situasjon, seier ho.

– Press er bekymra og skuffa over at alderstestinga skal intensiverast, då testane allereie har ein feilmargin på alt frå nokre månader til fleire år. Når det i tillegg kan gjevast instruksjonar til politiet frå justisdepartementet, vil ein truleg innføra testar som konkluderer i ei streng retning, trur Steen Nylander.

LES OGSÅ: Ungdom krev handling i flyktningkrisa

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE