Intervju senkar alderen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtte av ti mindreårige einslege asylsøkjarar som kjem til Noreg, får ved tannrøntgenundersøking påvist at alderen er over 18 år. Men etter intervju blir berre kvar fjerde av dei vurdert som så gamle.

Utlendingsdirektoratet (UDI) bruker to metodar for å avsløre korrekt alder: Røntgenundersøkingar av tenner og handledd, og intervju for å vurdere den mentale alderen.

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn

Ein gjennomgang NRK har gjort basert på tannrøntgenundersøkingar av einslege mindreårige asylsøkjarar etter 2009, viser at svært mange får nedjustert alderen etter intervju. 80 prosent av dei einslege asylsøkjarane får påvist alder på over 18 år gjennom tannrøntgenundersøkingane. Men når asylintervjuet er gjennomført, får berre 25 prosent av dei vedtak som seier at dei er over 18 år.

UDI trappa tidlegare i år opp bruken av tannrøntgenundersøkingar til å omfatte også mindreårige asylsøkjarar som først har søkt asyl i andre europeiske land, også kalla Dublin 2-arar. Dermed blir det no utført røntgen på alle einslege mindreårige asylsøkjarar som ikkje kan dokumentere alderen sin. Undersøkingane er frivillig, men det er berre eit par søkjarar i året som nektar.

LES OGSÅ: Fleire positive til innvandrarar

Den auka bruken av tannrøntgen gjer at UDI no avslører fleire vaksne blant mindreårige asylsøkjarar enn nokon gong før. Men bruk av røntgen for å slå fast alder er omdiskutert. I Noreg stiller Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Legeforeningen seg kritiske til røntgenvurdering.