NHH ber studentane skrive eksamen over 24 timar. Det gjer at mange pressar seg til å sitte gjennom heile natta.

Malene Indrebø-Langlo, Studvest
Malene Indrebø-Langlo, Studvest

Saka var først publisert i Studvest.

Masterstudent i finans, Zahib Sidiq, er ein av dei som i haust har gjennomført 24-timerseksamen. Han fortel at det er mange av medstudentane som stressar rundt den spesielle eksamensforma.

– Utfordringa er at ein har såpass mykje tid til å komme fram til ei god løysing, at ein rett og slett startar å tvile på eige resultat. Mange får det vanlege «studentsyndromet», der ein trur ein har god tid og tek det roleg i starten, før stresset slår til i dei siste timane, seier Sidiq.

Til forskjell frå ein vanleg eksamen, har 24-timersmodellen eit svært bredt tema som det er vanskeleg å førebu seg på.

– Det er svært vanskeleg å vite korleis ein skal distribuere 24 timer, og når ein har lov å seie seg fornøgd og å gå heim å legge seg, seier Sidiq.

Eksamenstips: Dette må du IKKJE gjere på eksamen!

«Fangens dilemma»
Kjernestyret i studentforeininga på Norges Handelshøyskole (NHH) har lenge arbeidd med å få fjerna døgnmodellen.

– Under 24-timerseksamen ser vi ofte det at om ein student blir sittande heile natta, blir alle studentane sittande heile natta. Det blir nesten som eit «fangens dilemma»-senario, der alle vel å arbeide heile tida ut. Dette er eit unødvendig stress å pålegge studentar, seier fagpolitisk ansvarleg i NHHS, Kaja Toset.

Styret har vore i fleire møter med programutvalet og har no fått gjennomslag for 12-timerseksamar for vårsemesterets fag.

– Vurderingsmetodane må sjølvsagt behandlast frå sak til sak, men Kjernestyret er tydelege på at 24-timerseksamen er ein dårleg måte å teste studentane, seier Toset.

LES OGSÅ: Seksar-Torstein sine eksamenstips

Ikkje ideelt å presse seg
Psykolog og rådgjevar på områda eksamensangst, læring og studiemeistring hos Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), Helge Hauge, er einig i med Kjernestyret.

– Ein tradisjonell «skuleeksamen» på fire-seks timer er ikkje berre ein kunnskapstest, men også ein test på å takle ein stressande og ukjent situasjon. Å utvide tida kan derfor vere ein god idé, seier Hauge, og fortsett:

– Eg skjønnar godt at om medstudenten sit heile tida ut, vil ein starte å tvile på eiget resultat og arbeide vidare. Ein 12-timers eksamen hadde vore meir passande, men då er det viktig å presisere at forventningsnivået må leggast deretter. 24-timers eksamen, der mange pressar seg utan søvn, er ikkje ei ideell vurderingsform, seier psykologen.

LES OGSÅ: Gutar juksar mest

Må beherske tidspress
Professor og dekan på NHH, Jan I. Haaland, understrekar at 24-timerseksamen berre gjeld få kurs og at dette har vore praktisert i mange år. Det er også fyrste gongen han høyrer at studentane kommenterer eksamensforma.

– Dette er ein typisk casebasert eksamen, der studentane aleine eller i grupper skal analysere og drøfte løysingar på samansette og komplekse problemstillingar. Det betyr at dei treng ein del tid på å utarbeide gode løysingar. Samtidig skal studentane beherske det å arbeide under tidspress og organisere arbeid og tid, seier Haaland, og understrekar at det er ingen krav til å sitte oppe i 24 timar.

– Vi diskuterer jamleg eksamensformer i programutvalet, og når problemstillinga no reisast, vil det vere naturleg at vi vurderer erfaringar med både denne og andre vurderingsformer, utan at eg kan seie kva utfallet av ein slik diskusjon vil bli, seier Haaland.

SJEKK UT FLEIRE TIPS TIL EKSAMEN HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE