Dette må du ikkje gjere på eksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 01.06.2017 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir du nervøs når du ser blanke ark føre deg? Veit du ikkje korleis du skal disponere tida? Veit du kva det vil seie å drøfte?

Eksamenstida er her, og unngår du desse feila kan du sikre deg ein betre karakter.

– Skriv fint!
Vi har spurt to erfarne akademikarar om kva du må unngå på eksamen, og skal vi tru dei er stygg handskrift det som irriterer sensor aller mest.

– Eg har vore borte i ein eksamenssvaret der skrifta var så uforståeleg at vi ikkje fekk retta oppgåva, seier Tor Grenness, førsteamansuensis ved Institutt for kommunikasjon, kultur og språk ved Handelshøgskolen BI.

Han forklarar at sensorar ubevisst kan bli negativt innstilt til ei oppgåve som er skrive med stygg handskrift.

Når det blir vanskeleg å forstå skrifta, kan det gå utover karakteren din, i i alle fall om du vippar mellom to karakterar.

– Det er veldig greitt å skrive forståeleg, så for å unngå å unødig irritere sensor: skriv forståeleg! Det er mange som har slurva handskrift, og det er ofte irriterande for dei som skal rette, seier professor ved Institutt for samfunnsvitskap ved

Universitetet i Oslo, Bjørn Erik Rasch, som har tusenvis av eksamensrettingar på samvitet.

Han meiner det òg er viktig å ta seg tid til refleksjon og disposisjon før ein byrjar å skrive.

– Bruk den nødvendige tida ein treng til å disponere og reflektere før ein byrjar å skrive sjølve svaret. Det er òg viktig å unngå mykje overstrykingar og innskutte setningar. Nytte gjerne litt tid i byrjinga på å skrive disposisjon og å kladde, for å unngå dette, seier han.

SJEKK FLEIRE TIPS TIL EKSAMEN HER!

– Les oppgåva!
– Les oppgåveteksten ordentleg, og ta den alvorleg. Det er overraskande mange studentar, særleg på innføringsemne, som ikkje veit korleis ein drøftar. Du må drøfte om det står at du skal drøfte. Blir det bede om eit kort svar, må du skrive eit kort svar, seier Rasch.

Grenness meiner at det òg er viktig å halde seg til oppgåva.

– Det er altfor mange som ikkje klarar å halde seg til det som blir spurt etter. Du får ikkje gjeve uttrykk for alt du kan på ein eksamen uansett. Hald tilbake, og svar berre på det oppgåva spør etter. Ikkje gli ut på andre ting enn oppgåva ber om, seier han.

Rasch understrekar til slutt til at det viktigaste ein gjer er å øve på å skrive – og ha kunnskapane i orden.

Les saka i Universitas!

Faktaboks

Dette må du gjere:
• Les skikkeleg gjennom oppgåveteksten
• Ikkje skriv alt du veit. Hald deg til relevant informasjon.
• Ikkje skriv stygt, sensor blir lett irritert om teksten er vanskeleg å lese.
• Unngå overstreking og innskutte setningar i innføringane. Ta deg tid til å kladde på førehand.
• Ikkje stress. Ta deg tida til å reflektere over oppgåva og skrive disposisjon.
Kjelde: Tor Grenness, BI og Bjørn Erik Rasch, UiO.