Berre éi av fire jenter tar yrkesfag i Noreg. Det er langt bak nabolanda våre.

mm

Noreg skil seg ut blant dei europeiske landa med få elevar som tek ein yrkesfagleg utdanning, og spesielt få jenter. Det viser Education at a Glance 2015, som er OECDs årlege rapport om utdanningssektoren.

I Noreg blir det forventa at berre 35 prosent av dagens unge fullfører yrkesfag. I Sverige og Danmark tala 36 og 48 prosent. For alle medlemslanda i EU er gjennomsnittet 52 prosent.

Berre 27 prosent av jentene i Noreg tar yrkesfag. I Danmark er det nesten halvparten av jentene som tar yrkesfag.

LES OGSÅ: Gutar vel hammar, jenter saks

– Yrkesfag i Noreg kan vera ulik yrkesfaglege utdanningar i andre europeiske land. Likevel er det urovekkande at berre éin av tre norske ungdomar vert forventa å fullføra ei yrkesfaglig utdanning, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Sidan 2014 har regjeringa og samarbeidspartia auka lærlingtilskottet med 12.500 kroner per lærling ut over prisstiginga.

Regjeringa skal no gå gjennom yrkesfaga og sjå på fråfallet i vidaregåande.

LES OGSÅ:Kvifor går ikkje fråfallet ned?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE