Lite framandspråk i skulen: Kva kostar det oss?

Øystein A. Vangsnes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Taper milliardar på manglande kunnskap

Onsdag 18. november fann den årlege Språkdagen stad i Oslo Konserthus. Det er eit arrangement i regi av Språkrådet, og i år var temaet Språkleg mangfald i framtidas skule. Som medlem av Fagrådet for skule og offentleg forvaltning hadde eg vore med på både val av tema og utforming av programmet, og under arrangementet hadde eg dessutan fått i oppgåve å gi ei innleiing til føredraget The importance of multilingualism for business: the UK experience som vart framført av professor Antonella Sorace frå Edinburgh-universitetet som leiar rådgivingstenesta Bilingualism Matters.

Sjølv om føredraget til Sorace klart var meir spennande, innhaldsrikt og minneverdig, har eg valt å leggja ut innleiinga mi her nedanfor. Språkdagen vart strøyma i sanntid og det finst opptak av arrangementet, men nett under Sorace sitt innlegg gjekk straumen, og i fleire minutt prata ho sporty utan presentasjon på lerretet til ein mørklagd sal berre i lyset frå sin eigen datamaskin (medan døvetolken vart lyssett med lyset frå ein mobiltelefon).  

Alt det andre spennande på Språkdagen kan de orientera dykk om via Språkrådet sine nettsider – sjå programmet her, og opptak av følgjande er i alle fall tilgjengleg: Sten Ludvigsens innleiing om NOUen Fremtidens skole, paneldebatten leia av Erik Wold om norskundervisning og språkopplæring i framtida og utdelinga av Språkprisen 2015. Av særleg relevans for det som følgjer nedanfor er presentasjonen av rapporten som viser at fleirspråklegheit er eit neglisjert tema i den norske skulen.

LES OGSÅ: Kan ein læra engelsk av geografilæraren?

Ifølgje språkutdanningsorganisasjonen Education First kjem nordmenn på fjerdeplass av om lag 70 nasjonar når det gjeld kunnskapar i engelsk som andrespråk. Me blir slegne av svenskane, danskane og nederlenderane – i den rekkefølgja – og sjølv om det er irriterande nok, blir me altså sett på som svært gode i engelsk, og det er jo bra.

Kva så med andre framandspråk enn engelsk? Korleis står det til på det området? Svaret er truleg: Ikkje så veldig bra. Sjølv om rundt 80% av norske ungdomsskuleelevar no får undervisning i eit anna framandspråk enn engelsk, er det grunn til tru at berre eit mindretal av desse oppnår god meistring av språka det gjeld – som primært er dei vesteuropeiske språka spansk, tysk og fransk.

I det føredraget me snart skal få høyra, kjem det til å komma fram at ein i 2011 rekna med at britisk næringsliv tapte om lag 7,3 milliardar pund på manglande kunnskapar i andre språk enn engelsk. Etter vekslingskursen den gongen utgjer det over 70 milliardar NOK.

I det perspektivet er det vanskeleg å tenkja noko anna enn at også norsk næringsliv må tapa pengar på manglande kompetanse i andre framandspråk enn engelsk. Eg veit ikkje om nokon har prøvd å rekna på det, men at det er ein reell etterspurnad etter framandspråkskompetanse i norsk næringsliv, har NHO nyleg dokumentert i sitt kompetansebarometer. I 2014 melde over 13% av medlemsbedriftene eit konkret behov for kompetanse i tysk. I undersøkinga vart for øvrig behovet for kompetanse i polsk meldt inn som større enn behovet for både fransk og spansk, altså eit språk det ikkje eksisterer noko opplæringstilbod for i den norske skulen i det heile teke, og ikkje heller i høgare utdanning så vidt eg veit.

Og her snakkar me då om sjølvforståinga ute i bedriftene. Me har ikkje ein gong byrja å snakka om det behovet bedriftene ikkje sjølve er klar over at dei har: Trua på at ein klarar seg lengje og vel med berre engelsk sit djupt. Nasjonalt senter for framand­språk i opplæringa har i eit par rapportar frå om lag ti år sidan peikt på at manglande kunnskapar i framandspråk er eit alvorleg hinder for norsk næringsliv i internasjonal handel (mellom anna referert til i stortingsmeldinga Mål og meining, avsnitt 7.1.7.3), så dette er ikkje noko nytt. Men er det nokon som gjer noko med det?

EU har som visjon for språkpolitikken sin at alle borgarar skal meistra minst to språk i tillegg til sitt eige. Altså at dei skal kunna nytta tre forskjellige språk i ulike samanhengar. Det er ei ambisiøs målsetjing.

Eg kan ikkje sjå at slike ambisjonar vert uttrykt i den gjeldande språkpolitikken her til lands. Tvert imot har me eit utdanningssystem som i liten grad verdset fleirspråklegheit. I skulen gir det seg utslag i to forhold. På den eine sida byrjar opplæringa i andre framandspråk enn engelsk seint, først på ungdomsskulen, og ho utnyttar dermed ikkje den spontane viljen og evna til språklæring som dei yngste borna har.

For det andre har me ei opplæringslov som ikkje verdset og tek tak i den kompetansen i andre språk enn norsk som born måtte ha heimefrå. I §2-8 i opplæringslova står det:

Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Me har altså ei opplæringslov som er mest oppteken av å få born med andre morsmål over på einspråkleg norsk opplæring. På fagspråket kallar me det ein subtraktiv språklæringsmodell fordi han i ein viss forstand tek frå eleven eit språk han eller ho hadde frå før – altså ved å ignorera det – til skilnad frå ein additiv språklæringsmodell som ivaretek det språket eleven har, samtidig som eit nytt språk vert lagt til.

Det er fullt mogleg å organisera den norske skulen på ein annan måte enn tilfellet er i dag for å fremja fleirspråklegheit. Det bør me diskutera og det kan me ha in mente når me, på bakgrunn av erfaringar frå Storbritannia, skal få høve til å grunna på kva det kostar oss og næringslivet vårt å mangla kompetanse i framandspråk.

LES OGSÅ: Bruk engelsk i norsktimen