Startar skulen klokka 13.30

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein vidaregåande skule i England har flytta skulestarten til etter lunsj for å tilpasse seg den naturlege døgnrytmen til tenåringane. Det har gjort elevane meir konsentrerte.

Bakgrunnen for forsøket er at ein vanleg morgonrevelje bryt mot den biologiske rytmen til dei unge. Det å stå opp klokka 7 er for ein tenåring det same som for ein vaksen å kare seg opp klokka 4.30. Mange vidaregåandeelevar er ikkje ordentleg vakne før ved lunsjtider.

– Kronisk søvnunderskot er svært vanleg i denne aldersgruppa. Tenåringane, særleg dei eldste, har oddsa imot seg fordi naturen blir overstyrt når dei tvingar seg opp om morgonen, seier rektor Guy Holloway ved Hampton Court House i Surrey til BBC.

LES OGSÅ: Skadeleg for ungdom å stå opp tidleg

Både elevane og foreldra skal vere godt nøgde med ordninga. Dei fortel om auka søvnkvalitet, meir opplagde elevar og betre utbytte av undervisinga, som går fram til klokka 19.

– Dette er eit svært spennande eksperiment, sjølv om skulestart klokka 13.30 kanskje er litt ekstremt, seier søvnforskar Børge Sivertsen ved Folkehelseinstituttet til NRK.

Sivertsen fortel at fleire delstatar i USA har flytta skuletida eit par timar fram med gode resultat. Det har vore positivt for både eksamensresultat, psykiske helse og livskvalitet blant elevane.

– Men det trengst meir forsking. Derfor er det interessant at eit britisk forsøk set søkjelyset på dette, seier Sivertsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn