Unesco vedtok fredag å utvikle ein global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning på tvers av landegrenser. Det var Noreg som tok initiativet til arbeidet med den globale konvensjonen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Han meiner den blir viktig for å handtere den store flyktningstraumen i Europa.
– Konvensjonen vil sikre studentar ei rettferdig vurdering uansett kvar dei kjem frå. Skal vi klare å integrere dei som får opphald, er det heilt sentralt at dei får godkjent kvalifikasjonane sine for komme raskare ut i jobb, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Isaksen vil la unge ta opp grunnskulefag
Avhengig av dokumentasjon
Dei store kvalitetsforskjellane både i vurdering og godkjenning av utdanning og mellom utdanningar i ulike land, gjer det vanskelegare for Noreg å godkjenne kompetanse frå utlandet. Noreg er avhengige av dokumentasjon frå heimlandet til studentane.
– Ein global konvensjon kan også bidra til å løfte kvaliteten på høgare utdanning i mange delar av verda fordi vi må setje visse standardar for kvalitetssikring på nasjonalt nivå, seier Røe Isaksen.
LES OGSÅ: Koding blir valfag i grunnskulen