Vil ha fleire menn på psykologistudiet

Ni av ti psykologistudentar som vert uteksaminerte frå Universitetet i Oslo i år, er kvinner. Psykologisk institutt håpar ein eigen gutedag kan bøte på dette.

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få mannlege psykologistudentar

– Psykologisk institutt meiner at det er viktig at psykologane som vert utdanna speglar befolkninga. Dersom trenden i opptaket til psykologutdanninga får halde fram, vil delen mannlege terapeutar utgjere eit så lågt tal at denne intensjonen blir vanskeleg å oppfylle, forklarer leiar for Psykologisk Institutt (PSI) Kjetil Sundet i ei pressemelding omtalt i Uniforum.

LES OGSÅ: Kvinnene fyller universitetet

Mannemangel
Den totale delen menn på profesjonsstudiet i psykologi ved UiO er i dag på 21 prosent. Tendensen er den same ved alle universiteta i Noreg.

Kjetil Sundet seier at i mange kliniske situasjonar kan kjønnet til terapeuten vere viktig for å komme til møtes forventningar hos klientar, og for å kunne leve seg inn i spesielle problemstillingar dei fører med seg. I tillegg er menn overrepresenterte i mange klient- og pasientgrupper.

LES OGSÅ: NTNU gir alt for jentene

Inspirert av jentedag
No blir arrangementet «Guttedagen» eitt av fleire tiltak PSI prøver for å få fleire menn til studiet.

– Det er samfunnsoppdraget vårt å utdanne dei psykologane samfunnet treng. Derfor lagar vi ein eigen dag for gutar, seier han.

NTNU og NHH har tidlegare arrangert jentedagar for å få fleire kvinner til å velje tradisjonelt mannsdominerte studium, som ingeniør og økonomi. Men tiltaket på Psykologisk institutt er den første gutedagen ved ein norsk utdanningsinstitusjon, skriv Uniforum.

100 spesielt utvalde gutar frå 2. og 3. klasse på vidaregåande skular, eller gutar med studiekompetanse som tar førstegongsteneste, får høve til å vere med. Dei må søkje om plass med karaktersnitt og grunngjeving. (©NPK)