Få asylsøkjarane på børsen!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren var først publisert på Dusken.no.

Det er krig i verda, og politikarane går nær sagt eigedomsmeklarane i næringa når dei overbyd kvarandre. Erna Solberg gjekk nyleg ut og klistra prislappen «40 til 50 milliardar» på asylstraumen til Norge fram mot 2016, sett at kring 50 000 får lov til å bli her i landet. I det er det lagt opp til at alle skal sitje på mottak og rotne på rot.

LES OGSÅ: Trur krigen i Syria vil vara lenge

Det siste må seiast å vera litt tafatt. Og jamt over er vi nok litt tafatte her til lands. Altfor få startar eigne føretak, som er nett det vi treng for å førebu oss på ei tid med lågare aktivitet offshore. I det nye statsbudsjettet har regjeringa difor lagt opp til ferske 400 millionar kroner til gründertiltak. Av desse skal kring 150 millionar gå til å stø nye etableringar, og rundt 100 millionar til såkalla pre-såkornsfinansiering, som venteleg skal føre til meir interesse frå private investorar. Slik går det når vi på berget ikkje tør å satse nytt.

Det er nett her innvandrarane igjen kjem inn, men her på pluss-sida av rekneskapen. Mange har nok allereie teke eit par sjansar berre ved å koma til landet. SSB-rapporten Gründerånd blant innvandrarar (2012) viser at dei er sterkt overrepresenterte som gründarar, med ein faktor frå 1 til 5 avhengig av bransjen. Adressa meldte om same tendens i fjor. Der kom det fram at auke i enkeltmannsføretak mellom ikkje-vestlege innvandrarar er 40 prosent, medan han berre er tolv prosent hos nordmenn. Omsetninga og sysselsetjingsgraden er også eit penare tal.

Men det er med startups som med kolesterol: Det gjeld å ha den rette typen. Norge skal satse på kunnskap framfor alt. Diverre er det relativt få kunnskapsintensive startups mellom innvandrarane. Dette kjem til dels av at innvandrarar nyttar seg av vener og familie, og som rapporten seier: «Disse nettverkene kan ha begrenset tilgang til informasjon og finansiering som er nødvendig for å utvikle egen virksomhet.»

Det er her vi kan koma inn. NTNU har allereie sterke system gjennom å hjelpe folk i gang med innovasjon. Rundt ti prosent av asylstraumen frå Syria er i universitetsalder. Mange andre har allereie gradar. Ein ting er å spørje om Norge har hjarterom. Men her må det også vera snakk om sunt forretningsvett: Her kan Norge sikre seg sårt trengt kompetanse og gründerånd på billig-sal.

HØYR OGSÅ: Samfunnsforskaren som går mot flyktningstraumen

Dessutan: Innan ingeniørfaga talar vi gjerne om «scratching your own itch». Dei beste løysingane har ein tendens til å oppstå når ein sjølv treng dei. Ein må lure på kva nokre syrarar på Entreprenørskolen hadde fått til. Vi teknologar burde i det heile spørje kva vi bringar til bordet. I Tyskland har to studentar laga ein gratis arbeidsbørs for asylantar. Nett slike løysingar skulle eg lika å sjå koma ut av gründermiljøet her i Trondheim.

Det burde også ei borgarleg regjering kunne sjå, og ta i bruk desse herlege synergieffektane dei elles talar så varmt om. Kva, til dømes, med å innføre eit hurtigvisum med arbeidsløyve for utdanna arbeidskraft? Sleng på ein skattelette eller to, så har du plutseleg ein god slump med både ressurssterke asylsøkjarar og gründarar.

Det kan sjølvsagt sjå litt hjarterått ut å setje tal på folk som trass alt flyktar frå ein umenneskeleg kvardag. Det ligg likevel litt god utviklingspolitikk i eit slikt syn: Om dei vel å bli her, gjer dei Norge rikare på alle måtar, og kjem sjølv godt ut av det. Og om dei ikkje gjer det, så vil eit Syria i ruinar trenge ein god knippe ressurssterke ingeniørar, legar, sjukepleiarar, og anna utdanna arbeidskraft.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt