Lever lenger med høgare utdanning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

At høg utdanning er forbunde med god helse er ikkje noko nytt, men aldri før har forskjellen mellom dei ulike gruppene vore større, ifølgje nye tal frå Folkehelseinstituttet.

LES OGSÅ: Einsame elevar droppar ut

– Ein ser dei sosiale forskjellane fleire stader i samfunnet. I tillegg til at dei med låg utdanning døyr tidligare er dei meir sjuke og dei mottar også oftare uførepensjon, fortel forskar Espen Dahl til NRK, som først omtala saka

Dei med høgare utdanning røykar mindre, trenar meir og har eit sunnare kosthold, ifølge forskinga.

Røyking er på veg ned i alle sosiale lag, men ifølgje Folkehelseinstituttet er det fleire lågt utdanna som døyr av lungesjukdommar. I tillegg ser ein forskjellar i matvanar og alkoholbruk.

Forskjellig yrkeskvardag kan truleg og ha noko å seie for forskjellane i levealder. Dei med lågare utdanning får gjerne ein meir fysisk anstrengande og stressande jobb, som igjen påverkar helsa, ifølge instituttet.

LES OGSÅ: Kvar fjerde droppar ut innan eitt år