Ved årets val fekk Sp, KrF og Venstre over 20 prosent av stemmene i 99 av 113 nynorskkommunar, skriv Ottar Grepstad i dagens «Språkfakta 2015».

mm
Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. Ap var størst i 44 av 113 nynorskkommunar ved kommunevalet i 2015, Sp i 35
2. 67 prosent av SV-veljarane og 38 prosent av Frp-veljarane i 2012 snakka dialekt
3. I åra 1965–2014 er det halde 393 folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen
4. Nord-Trøndelag hadde 71 folkerøystingar, Møre og Romsdal 65 og Rogaland 47
5. I åra 2010–2014 røysta 47 prosent for nynorsk, i1965–1969 gjorde 34 prosent det same

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format

LES FAKTALUKK FAKTA

«På landsbasis står nynorsk sterkast blant veljarane til sentrumspartia med Senterpartiet som det fremste nynorskpartiet på 2000-talet,» skriv Ottar Grepstad i dagens «Språkfakta 2015».  

Kvar dag i 20 dagar publiserer Aasen-tunet eit kapittel frå direktøren i Nynorsk kultursentrum si grundige gjennomgang av språk gjennom tidene. I dag kan du læra meir om kva språk har å seia for norske veljarar.

LES OGSÅ: Flest nynorskbrukarar blant Sp-veljarane

Arbeidarpartiet og sentrum
Under 60 prosent av veljarane nytta røysteretten sin ved årets kommuneval. Elleve prosent av alle nordmenn bur i nynorskkommunar, desse utgjorde òg 11 prosent av veljarane. Det betyr at valdeltainga var like låg i nynorskkommunar som resten av landet.

Med 8,5 prosent oppslutning på landsbasis gjorde Senterpartiet i år sitt beste val sidan 1995. I nynorskkommunane røysta om lag to av ti på Senterpartiet, mot mindre enn éin av ti for heile landet.

Senterpartiet var størst i 35 nynorskkommunar i 2015, berre slått av Arbeidarpartiet som var størst i 44 nynorskkommunar.

Med 26 prosent av røystene i nynorskkommunane var Arbeiderpartiet desidert størst, medan Senterpartiet nådde nesten opp i 20 prosent.

Sentrumspartia KrF og Venstre gjer det òg godt i nynorskkommunane.

Det tredje store partiet var Høgre – størst i 17 nynorskkommunar. 

Elles gjorde Høgre og Framstegspartiet det best blant bokmålsbrukarane.

LES OGSÅ: Realitypartiet  

Dialektsentrum
I kommunar med anna tenestemål enn nynorsk var det SV, Arbeiderpartiet og Senterpartiet som henta flest røyster blant nynorskbrukarane.

Framstegspartiet og Høgre hadde færrast dialektbrukarar blant veljarane sine, medan SV og sentrumspartia hadde flest.

Grepstad konkluderer difor med at: «sentrumspartia treng nynorskbrukarane, og at nynorskbrukarane treng sentrumspartia».

LES OGSÅ: Bruk av dialekt minst akseptert i Oslo

Prosentvis oppslutnad under kommunevalet i 2015 i nynorskkommunar og alle kommunar:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE