Flest nynorskbrukarar blant Sp-veljarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ei landsdekkjande undersøking Sentio Research har gjort for Riksmålsforbundet som viser dette. I Sp er nynorskprosenten blant veljarane vel 30 prosent, medan han i KrF er nær 16 prosent.

Det er blant veljarane til Framstegspartiet og SV ein finn den største delen bokmålsbrukarar. Over 90 prosent av veljarane til partia skriv på bokmål, ifølgje undersøkinga. Blant veljarane til Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre ligg bokmålsprosenten på kring 87– 89 prosent, nynorskprosenten er på rundt 6– 7 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: KrF er artigast på Stortinget