Knallval for Senterpartiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsbasis får Senterpartiet 8,5 prosent av stemmene. Sist gong partiet hadde høgare oppslutning var i 1995, året etter at partiet leidde landet mot eit nei i folkeavstemminga om EU.

Allereie då dei første resultata begynte å tikke inn måndag kveld, var det klart at Senterpartiet hadde gjort eit godt val.

LES OGSÅ: Realitypartiet  

– Dette ser svært bra ut, sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum då han kom valvaka i Mathallen i Oslo. Partifellane tok imot leiaren med trampeklapp.

– Vil kjempe mot samanslåing

Oppteljingane viser at partiet får til saman 1.776 representantar inn i kommunestyre rundt i landet, 300 fleire enn i førre kommuneval.

– Det å få lov til å vere lagleiar for ein slik gjeng som oss i Senterpartiet, det er fantastisk, sa Vedum i sin tale. Han forklarte det gode resultatet med at politikken til regjeringa i kommunane har slått feil.

– Folk ønskjer ikkje det enorme sentraliseringsprosjektet til regjeringa, sa Vedum, og lovde auka innsats mot den planlagte kommunereforma.

– Får vi større innverknad, betyr det fleire i kommunane som kjempar mot kommunesamanslåing. Vi er tydelege på at vi vil lytte til folk lokalt. (©NPK)

LES OGSÅ: Aarebrot: Dei raudgrøne gjer comeback