Eit av grunnprinsippa i det norske utdanningssystemet er at alle skal ha lik rett til utdanning. Dette vert sett under sterkt press med dei endringane regjeringa har gjennomført, skriv LO og Ap.

Karianne Torvanger (Ap) og Øyvind Møller (LO)
Karianne Torvanger (Ap) og Øyvind Møller (LO)

Innlegget er henta frå Porten.no

Dei nye endringane i grunnstipendordninga som er innført frå skuleåret 2015-2016 slår feil ut. Eit godt døme på dette er den einslege mora som sto fram i Firda 12 august 2015. Vi har gjennom andre medier sett fleire andre liknande saker om elevar som rett og slett ikkje har råd til å ta utdanning, fordi dei med dei nye reglane ikkje lenger har rett på stipend.

LES OGSÅ: Fryktar stipend-endring råkar mange

"Grunnstipendordninga er meint å være eit bidrag til å dekke levekostnadar for elevar frå familiar med svak økonomi. Formålet med stipend er at alle elevar skal ha muligheiter til å ta vidaregåande opplæring uavhengig av familiens økonomiske situasjon." Dette kan ein lese på Lånekassen sine eigne nettsider, då er det eit paradoks at det nettopp er foreldra si inntekt som no i større grad skal avgjere kor stor muligheit du har til å ta vidaregåande utdanning.

Tidlegera blei stipendet rekna ut etter den eleven bur hos, no skal begge foreldrene si inntekt reknast med. Uavhengig av familiesituasjon og om eleven har kontakt med begge foreldre eller ikkje. Argumenta har vore at ein skal møte den reelle familieøkonomien på ein meir treffsikker måte. Men då må ein også ta innover seg kva som er den reelle familiesituasjonen og ikkje gjøyme seg bak at begge foreldre har forsørgeransvar.

Utgangspunktet var at ein skulle prøve å løfte dei som hadde aller minst opp, men intensjonen frå Ap si side har aldri vore at dei som har behov for det skal miste stipendet.

Vi meinar det ikkje er godt nok at ordninga skal evaluerast seinare slik som statssekretær i H, Birgitte Jordahl tek til orde for i Firda. Vi må reagere no! Allereie før skulestart ser ein kor mange som vert ramma av dette, og vi kan allereie no se at endringane slår feil ut. Vi meinar dette vil føre til større sosiale forskjellar. Det er ikkje ei utvikling vi ønskjer oss verken i LO eller i Ap.

Eit av grunnprinsippa i det norske utdanningssystemet er at alle skal ha lik rett til utdanning. Dette vert sett under sterkt press med dei endringane regjeringa har gjennomført. Dette må regjeringa rette opp i snarast, slik at skulestart og kvardagen ikkje vert tøffare for dei mange elevane dette rammar.

LES OGSÅ: Skal forske på den gode læraren

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE