Eit universalargument for nynorsk?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jaja, men hvorfor må JEG lære nynorsk på skolen?» seier han fyren med caps som du har skravla med det siste kvarteret om kven de er og kva de driv med. Det tek sjeldan lang tid før nynorsken blir eit tema – og som oftast står samtalepartnaren din på heilt motsett side i diskusjonen.

Situasjonen er vanleg, og svara er mange. «Det er ein kjempeviktig del av kulturarven vår» er eit svar, «Det er trass alt språket til 13 prosent av folket» er eit anna.

Det er ikkje alltid like lett å ha klar det perfekte argumentet for nynorsken – men me kan gjera det lettare, saman med Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg

Hjelmbrekke var tidlegare leiar i Norsk Målungdom. Då reiste han mykje rundt på skular for å snakka med elevane om kvifor nynorsken er verd å ta vare på. På spørsmål om han ofte må forsvara nynorsken i sosiale lag, dreg han ei stund på svaret.

– Nja, på ulike måtar og i ulike samanhengar. Det kan vera som opplæringsspråk, offentleg språk i kommunane eller nasjonalt, med tanke på mållova, seier Hjelmbrekke.

Han fokuserte på to ideologiske hovudlinjer då han skulle læra Målungdommen å argumentera for nynorsk.

– Eg prøvde å ta det som ein ideologisk diskusjon, om sjølve grunnlaget. Kvifor er me for nynorsk? Det finst mange ulike måtar å tenka rundt det på. Historisk har det vore eit frigjeringsprosjekt for underklassen, ein kulturell klassekamp, seier Hjelmbrekke, før han går vidare til neste argumentasjonsrekke.

– Den nasjonale linja er – kort sagt – at nynorsk er norsk, medan bokmål historisk bygger på dansk. Desse argumenta kan kombinerast – nynorsken vart teken vare på av bønder og fiskarar, medan dansken var hos eliten.

Kamp om det norske
Ryggraden i dei to første argumenta Hjelmbrekke kjem med, er kulturarven vår – nynorsk er ein viktig og stor del av kulturarven, kanskje større enn bokmålet.

Problemet med å trekka inn kulturarven, er at det ofte kan bli møtt med eit skuldertrekk. Kvifor skal fyren med caps bry seg om den – spesielt den delen av kulturarven som var viktig for underklassen i den tida ein verkeleg snakka om underklassar?

Hjelmbrekke er einig i at det er vanskeleg.

– Det er sant, det er vanskeleg. Den nasjonale linja, som i sin enklaste form seier at nynorsk er bra fordi det er norsk, kvar solid på 20-talet. Men det er vanskeleg no. Nasjonalisme er meir uglesett. Det er vanskeleg å seie at det er viktig å ta vare på det norske utan å komma inn på ein diskusjon om kva det norske er. Det blir ein kamp om det norske, like mykje som for det norske.

LES OGSÅ: Miss Marple for første gong på nynorsk

Grautmål som øydelegg
Å argumentera for nynorsken har både Noregs Mållag og Norsk Målungdom god trening i.

På Norsk Målungdom sine heimesider har dei ei liste over vanlege argument mot nynorsk – og ei liste med svar du kan gi fyren med caps.

Høgdepunkt frå denne lista er argumenta «Sidemål er keisamt» og «Me skjønnar jo einannan sjølv om eg har nynorsk og du bokmål».

Til det første gir Målungdommen eit klart svar:

«Meiner dei som nyttar dette argumentet at alt elevane tykkjer er keisamt skal fjernast frå læreplanane? Dei som vil fjerna sidemålet av di det er keisamt, vil som regel ikkje fjerna matte og tysk, sjølv om det er fag som mange tykkjer er keisame.»

Og ja – me forstår kvarandre sjølv om ein skriv nynorsk og ein annan skriv bokmål, både skriftleg og med dei ulike dialektene. Men, skriv Målungdommen, mykje av grunnen til dette er at dei to skriftspråka har den jamstelte posisjonen dei har i dag, og at me lærer begge i skulen.

«Elles hadde me nok skjøna kvarandre slik me skjønar dansk og svensk. Nynorsk er eit offisielt norsk språk, og me kan stilla høgare krav til at folk i Noreg skal meistra norsk enn svensk», skriv Målungdommen i sin guide.

LES OGSÅ: Flest nynorskbrukarar blant Sp-veljarane

Den største tabben
Det er nok av argument for nynorsken, men også nok av feller å gå i – argument som ikkje vil overtyda nokon, og som kan forsterka inntrykket av sta nynorsknissar som held på språket berre på trass.

Men kva er den største tabben?

– Det veit eg ikkje om eg har sjølvinnsikt nok til å sjå, svarar Sigbjørn Hjelmbrekke. Likevel prøver han seg fram.

– Ein ting eg ser, ofte lokalt, er at ein gjer spørsmålet om språkval til eit moralsk spørsmål, og moraliserer over dei som vel annleis enn ein sjølv. Ein gir dårleg samvit, og det trur eg ikkje er rett. Det vert det ikkje god stemning av, og du får ikkje overtydd nokon på den måten.

Universalargumentet
Men finst det eit universalargument – ei solid linje du kan lira av deg i alle situasjonar for å forsvara at nynorsken har livets rett?

– Nei, det trur eg ikkje, svarar Hjelmbrekke.

– Men det lettaste og viktigaste er vel rett og slett at nynorsken finst, og difor skal den finnast. Staten kan ikkje berre vedta at nynorsk ikkje skal finnast, og at alle skal skriva bokmål.

Og her har du den vanlegaste metoden Sigbjørn Hjelmbrekke brukar for å argumentera for nynorsken.

– Eg ville starta med at nynorsken er ein viktig del av norsk kulturhistorie, medan bokmålet er eit meir innlånt språk. Om ein er oppteken av norsk kultur er det vanskeleg å sjå føre seg at ein skal ta vare på den utan nynorsken.

Ofte vil ein bli møtt med eit skuldertrekk, til dømes frå ein fyr i caps. Kanskje kultur ikkje eigentleg er så viktig?

– Om dei ikkje tykkjer norsk kultur er viktig, ville eg nok argumentert for det globale kulturmangfaldet. Der har den norske staten eit ansvar for å ta vare på dei tradisjonane me har. For mange vil språket vera ein viktig del av det.

– Om dei er opptekne av norsk kultur, men ikkje av nynorsken, ville eg påpeikt at det er rart at dei ikkje tenkjer språk når dei tenkjer på kultur, seier Hjelmbrekke.

– Språket er jo den viktigaste kulturarva vår, og det som meir enn noko anna knyter oss saman.

LES OGSÅ: Meir sexy av nynorsk