Det er framleis store kjønnsskilnader i kva yrkesfagleg opplæring ungdom i Noreg søkjer seg til.

(NPK-Mari Torsdotter Hauge):
(NPK-Mari Torsdotter Hauge):

Berre 3,5 prosent av dei som har fått tilbod om skuleplass på bygg- og anleggsteknikk er jenter, medan 12 prosent av dei som er komne inn på design- og handverksfag er gutar, syner opptakstala for vidaregåande opplæring som vart klare i midten av juli.

– Me ser at det er store kjønnsskilnader i vidaregåande opplæring i vidaregåande opplæring. Det er interessant at jenter og gutar vel så tradisjonelt i eit så likestilt land som Noreg, seier fungerande avdelingsdirektør for statistikk Kjetil Helgeland i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Færre unge har tru på ei framtid i oljebransjen

Mat, natur og media likestilt
Dei utdanningsprogramma med størst fleirtal av gutar er bygg- og anleggsteknikk (96,5 prosent), elektrofag (94 prosent) og teknikk og industriell produksjon (89 prosent).

Utdanningsprogramma med flest jenter i opptaket i år er design- og handverksfag (88 prosent), helse- og oppvekstfag (86 prosent) og musikk, dans og drama (69 prosent).

Dei mest likestilte utdanningsprogramma er medium og kommunikasjon, naturbruk, og restaurant og matfag, der det er om lag like mange gutar og jenter.

På studiespesialisering er det teke opp 57 prosent jenter.

LES OGSÅ: Ingen jenter i kokkeklassen

Ni av ti har fått plass
Ni av ti søkjarar har fått tilbod om opplæringsplass etter den første runden med inntak til vidaregåande opplæring. Langt dei fleste får også oppfylt førstevalet sitt: 85 prosent av alle søkjarane kjem inn på det programmet dei har sett øvst på lista.

Framleis står likevel 11.000 ungdommar på ventelista. Helgeland er likevel ikkje uroleg for dei.

– Erfaringa vår er at fylka gir alle som har rett på det eit tilbod om skuleplass før sommaren er over. Difor reknar me med at dei fleste vil få eit positivt svar før skulestart, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: «Shit, dette kjem til å skje»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE