«Shit, dette kjem til å skje»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg trur det kjem til å bli verre stormar framover i åra som kjem. Det har sikkert noko med global oppvarming og alt dette å gjere, seier Bendik Aasbø Våge.

17-åringen frå Haugesund vil bli maskinist og har difor byrja på VG1 Tekninsk og industriell produksjon på Stord vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

«Shit, dette kjem til å skje»
Det norske folk meiner klimaendringar er den nest største utfordringa Noreg står ovanfor, ifølgje TNS Gallup sitt Klimabarometer for 2015.

Over 60 prosent av dei spurde trur klimaendringane vil føra til fleire stormar, orkanar, flom, ras og jordskred i Noreg fram mot 2050.

Likevel svarar berre 44 prosent at dei uroar seg for kva konsekvensar klimaendringane har for seg og sine næraste.

Framtida.no har teke turen for å snakke med ein gjeng unge gutar som er på veg inn i industrielle yrker om korleis dei ser på klimaendringane og framtida.

I naturfag har dei lært om korleis klimaet endrar seg. At isen smeltar, regnskogen vert hogd ned og havet stig. Men det er ikkje noko som ligg fremst i pannebrasken til ei kvar tid, sjølv om Albert Hasani (16) medgjev at han tenkjer på det i blant.

Ein vert litt bekymra når ein tenkjer på det, men ein går jo ikkje rundt og tenkjer på det heila tida, seier Bendik, og får støtte av klassekameratane.

Det er som å få ein smekk i trynet kvar gong du tenkjer på det, at: «Shit, dette kjem til å skje». Så gløymer du det til neste gang, seier Spencer Clevenger.

18-åringen som opphavleg kjem frå USA har fått med seg spådommane om at havnivået kjem til å stige og ser for seg at busshaldeplassen kan verte båtstopp.

Sander Hystad Tøkje (17) og dei andre TIP-elevane meiner at dette er noko me burde tenkt meir på.

Dei som styrer landet må slutte å tenkje pengar og meir på miljøet, seier han.

Kva veit du om klima? Test deg sjølv her!

Den store kontrakten
Dagen i førevegen stod jubelen i taket på heile Stord, då det vart klart at Kværner sikra seg ein milliardkontrakt med leveransar til det nye Johan Sverdrup-feltet.

Ofte vert norske industriarbeidsplassar sett opp mot målet om å redusere nasjonale klimagassutslepp. I desse tilfella meiner nesten halvparten av alle nordmenn at arbeidsplassar er viktigast, medan berre 19 prosent er klåre på at klimaomsyn bør vega tyngst, ifølgje TNS Gallup.

Bendik gler seg over kontrakten og fortel om god stemning for heile øya og alle bedriftene.

Det er på grunn av Aker at det er noko her, seier 17-åringen, og legg til:

Det er litt risikabelt, når dei sa at Stord ikkje fekk denne kontrakten så vart det litt ramaskrik kan du sei. Det blei litt stress fordi dei måtte få tak i ein jobb.

Tenåringane er oppteken av å ha jobb, hus og familie i framtida, som nokre av dei ser føre seg at kan vere på Stord.

LES OGSÅ: Lien: Inga krise i oljeindustrien

Kva skal du gjere då liksom?
I miljøet deira vert oljenæringa framleis sett på som ein attraktiv bransje.

Det er jo gode pengar å jobba i Nordsjøen. Eg har snakka med kompisar og plar sei at ein dag tek olja slutt, då blir det ikkje meir jobb på deg. Kva skal du gjere då liksom? Du må ha ein plan B, forklarar Bendik, som då får lite svar.

Olja tek jo slutt ein dag. Då må ein finna på ei ny løysing, held 17-åringen fram.

Likevel ser ikkje gutane svart på framtida. Dei trur på auka velstand og at me vil finne nye løysingar når olja tek slutt.

Ungdommane har stor tru på alternative energikjelder og fornybar energi –og peikar på sol, vind og vasskraft som framtidas energilager og pengesekk.

Ny teknologi har dei òg trua på. Forsking på dette feltet er ifølgje TNS Gallup det klimatiltaket regjeringa har mest støtte for i befolkninga, etterfølgt av nettopp satsing på fornybar energi og pengar til kollektivtransport.

Desse sakene er det òg brei politisk semje om at er viktige.

LES OGSÅ: – Høgtrykket i vegtrafikken kan fort bli flom

Bilfella
Transport er viktig for dei fire gutane. Dei peiker på elbil, kollektivtransport og det å ta sykkelen eller beina fatt som gode klimatiltak dei sjølv kan gjere.

Men Spencer, som vil verta bilmekanikar, peikar òg på at det er miljøskadeleg å produsera elbilane.

Eg tenkjer mykje på dette med bilane og eksosen og korleis det kjem til å bli framover, seier Sander, som i likheit med dei andre har byrja å lærekøyre.

Det er ingen av dykk som lærekøyrer i elbil?

Nei, kjem det frå gjengen.

Men Sander har ein kompis som gjer det.

Eg har gjort det ein gong. Aldri igjen, kjem det frå Spencer, som likevel ikkje hadde sagt nei til ein Tesla.

Dei fleste elbilane er jo ikkje så fine. Der er det noko som er ofra, seier Sander.

Tesla er fine, protesterer Spencer, som trur at vatn er framtidas drivstoff.

Biodrivstoff er òg noko å satsa på, meiner Sander.

Om nokre år trur Bendik at det vil vere slutt på bensin og dieselbilar, til fordel for elbilar og bilar som går på vatn.

Gutane trur ikkje det er utenkjeleg at myndigheitene kjem med eit forbod mot bensin- og dieselbilar for å spara på olja.

Ute i verda vil Paris vil kvitte seg med alle dieselbilar innan 2020 for å betra luftkvaliteten og nokre meiner London vil følgje etter franskmennene sitt planlagde forbod.

Spencer undrar seg over at dieselbilar har vorte fienden blant nokre bilfabrikantar.

Kvifor det? Det er jo mykje betre enn bensinbilar. Det er ueinigheit over alt, påpeikar 18-åringen.

LES OGSÅ: Du reddar ikkje verda uansett

Ryddehjelpen
Spådommane er dystre og nyleg gjekk forskarar ut med ein rapport som konkluderte med at kjeldesortering fungerer som ein drope i havet på klimautsleppa.

Likevel er kjeldesortering det tiltaket som klårt flest nordmenn meiner dei har gjort som har ein positiv effekt på miljøet, ifølgje Klimabarometeret.

Gutane på TIP meiner at alt hjelper på.

Om alle tenkte at det ikkje hjelper om eg gjer noko, så går det jo til helvete, seier Sander, som får støtte av Bendik.

Me har ikkje brydd oss. Eg trur me utsette tida før det vert forferdeleg. Men me kan ikkje stoppa det hundre prosent. Me må ordna opp i det som dei før oss har gjort feil, seier Spencer.

At ungdommen må rydde opp i det som har gått gale før tykkjer Sander er litt urettvist.