Ønskjer økologisk mat inn i statlege kjøken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jung driv ein økologisk gard med svin, storfe og grønsakproduksjon. Trass i lidenskapen han har for økomat, vil han ikkje rå andre til å starte opp med det same, fortel Nationen.

LES OGSÅ: Vil ha økologisk mat i vidaregåande skular

– Vi treng inntektskjelder. Dersom staten tek inn økologisk mat i alle offentlege kjøken, ville marknaden bli større og fleire ville blitt kjende med økologiske produkt, seier Jung til avisa.

Organisasjonen for økologisk mat, Oikos, viser til at dette er noko ein har lukkast med mellom anna i København kommune i Danmark. Her vil 90 prosent av maten ved offentlege kjøken vere økologisk innan 2015.

Stortinget vedtok i 2009 ei målsetjing om at 15 prosent av arealet og 15 prosent av omsetnaden i daglegvarebutikkane skal vere økologisk innan 2020. I 2014 var 5,1 prosent av jordbruksarealet økologisk, medan 1,45 prosent av omsetnaden i daglegvarebutikkane var det same, ifølgje Nationen. (©NPK)

LES OGSÅ: Dei vil servera insekt til nordmenn