Vil servera nordmenn insekt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk må kome over barrieren med å ete insekt. Å ete insekt er litt tabu i vesten, det kan ta tid å venne seg til det. Difor planlegg me å varma opp marknaden med ferdige gåveartiklar og moroprodukt, seier Ida Hexeberg Rustad (30) til Framtida.no.

Test deg sjølv – kor berekraftig er du?

Ho trur unge menneske i Noreg er klare til å ete insekt.

Saman med studievenninna Victoria Stokke (26) har ho starta firmaet Myldregard AS, som vil importere matprodukt med insekt i til norske forbrukarar.

LES OGSÅ: Insekt på menyen

Islandsk jungelprotein og norske bielarvar
Planen på sikt er å starta med berekraftig insektsoppdrett til matbruk i Noreg, noko dei trur kan vere ei attraktiv råvare for restaurantbransjen.

Dei to ser føre seg oppdrett av grashopper, sirissar og mjølmums, som er Språkrådets nye ord for mjølbillelarve. Dette er dei insekta det er mest erfaring med frå vestlege land.

På Island har nokre gründerar fått inn mykje startkapital gjennom ein Kickstarter-kampanje for å produsera ein proteinbar laga av sirissmjøl.

Men for nokre insekt er faktisk grunnsteinane for oppdrett i Noreg allereie lagt.

– Det hadde vore gøy å få til sal av bielarvar allereie til neste sommar. Her finst det allereie oppdrett i Noreg, nemleg biekoloniar som lagar honning og er godkjent av Mattilsynet. Dronelarvar – bielarvar som skal verte hannbier – vert fjerna rutinemessig for å hindra parasittoppbløming. Sidan dei uansett skal fjernast på sommaren hadde det vore fint å nytta dei som ein ressurs, meiner Rustad.

Ho håpar på sikt å kunne fôra insekta med til dømes skogavfall, som elles er ein ressurs som hadde blitt kasta.

LES OGSÅ: Puttar insekt i energibar

Insektsimportører5

Ida Hexeberg Rustad har ekseprimentert med insektsoppdrett på badet. Foto: Privat

Bornegåver
Så sant alt går i orden med Mattilsynet vonar dei å vere i gang med importen allereie i august i år.

Dei vil byrje med sal til vener og kjente, men tenker helst å  selje produkta til butikkar.

–  Eg ser til dømes føre meg at gåvebutikkane til Vitensenteret kunne vore aktuelt, fordi dei sel moroartiklar for born. Dei er ei viktig målgruppe for oss fordi dei ikkje er instilt på at insekt er ekkelt enno, seier Rustad.

Europeisk vekst
Insektsoppdrett er fyrst og fremst vorte vanleg i Nederland og Frankrike, men desse råvarene vert nytta i produkt og i andre europeiske land. Av miljøomsyn vil ikkje gründerane at insekta skal vere for langreiste.

– Eg trur at det er ei framtid for insekt som mat i Noreg, fordi me treng meir berekraftige proteinkjelder. Det er nødvendig å fokusera på berekraftig kjøtproduksjon framover, seier Rustad som argumenterer med at insekt treng  lite fôr og landareal, samanlikna med varmblodige dyr.

– Nordmenn er stadig meir interessert  i eksotisk mat. Du har det typiske eksempelet med sushi, som då det kom for 10-20 år sidan var ekkelt og farleg, men no er ei delikatesse. Insekt vert ei ny råvare som kan brukast på kjøkkenet. Det er og rekna for å vere ei sunn kjelde til protein, fordi det inneheld lite metta feitt og – med riktig fôr – eit høgt innhald av B12, held ho fram. 

LES OGSÅ: Et insekt – redd planeten

Maur i hage, mjølmums på badet
Dei to gründerane møttest på studiet Industriell økologi på NTNU, men fatta separat interesse for insektsoppdrett.

Stokke fekk ideen medan ho studerte  innovasjonsleiing og entrepenørskap i Ålesund. Der kom ho over FAO-rapporten «Edible insects: future prospects for food and feed security», som argumenterer for at me må avle opp og ete meir insekt for å møte matbehovet til ei veksande befolkning.

Stokke var ivrig på å starta opp eiga bedrift og leika med tanken om insektsoppdrett.

– Eg vart difor veldig glad då Ida i haust hadde eit innlegg på eit arrangement for linjeforeininga vår. Det var tydeleg at ho hadde god kunnskap på området og at det var noko ho brann for. I utgangspunktet søkte ho etter personar som saman med ho kunne påverke eksisterande aktørar til å importere spiselege insekt, men etter eit par møter bestemte me oss for å undersøkja moglegheitene for å sjølv starta ei bedrift, forklarar Stokke i ein epost.

Rustad hadde først henta ideen frå eigen hage, der ho byrja å sjå på kva proteinkjelder ho kunne dyrka sjølv. Slik gjekk det til at ho søkte på mauroppdrett på Internett og byrja lese om å ete insekt.  Mattilsynet sine reglar gjorde det tungvint å kjøpa inn insekt frå utlandet på privaten, så Rustad sette i gang med å kontakta importørar, før ho traff Stokke og forretningsideen var eit faktum.

– Me var ganske nær ved å byrje i januar 2015, men då me fann ut at det var ei anna gruppe på NTNU som hadde planar om å starta med dette la me planane til sides. Sidan dei ikkje starta opp tek me ansvaret for at det kjem insekt til Noreg, forklarar Rustad, som meiner at det er viktig at òg me i Noreg tenkjer på korleis me skal få mat nok til alle i verda framover.

LES OGSÅ: Forskarar uroa over insekt-svikt

Språkbarriere
I forkant av bedriftsoppstarten kontakta dei to gründerane Språkrådet, for å få gode appetittelege ord på insekt.

– Me treng gode norske ord for dette. Eg tenkte at det ikkje vil selje så bra med ordet insekt i ein meny, fordi folk har eit negativt forhold til ordet insekt. No har eg endra litt meining, fordi både fisk, fugl og skalldyr – som ein gjerne finn i menyar – er biologiske ord, seier Rustad, som trur at ordet vert mindre negativt når nordmenn vert van med insektsmat.

Men orda er ikkje heilt lette. Mjøbillelarve er for langt, medan mjølorm vert ekkelt og upresist.

LES OGSÅ: Humlene i Oslo får eigen autostrada

Mjølmums på badet
No har Rustad hatt minioppdrett av mjølmums på badet i eit halvt år og har fleire insektkokebøker på kjøkenet.

Desse har ho i omn på kring 80 grader celsius i to timar, slik at dei vert trygt varmebehandla og bevarar den gode nøtteaktige smaken utan å verte svidd.

– Det er veldig mykje spanande ein kan bruka insekt til, men det eg ser i kokebøkene er at mykje av det er variantar av rettar ein kjenner frå før. Dei insekta som vert selt i dag er gjerne slike som knasar, fordi folk er meir skeptiske til mjuke insekt der det tyter ut eitt eller anna, trur Rustad.

Reaksjonane på prosjektet er både smil og småskrik frå usikre og nyfikne nordmenn, og Rustad forstår skepsisen.

– Tradisjonelt er ikkje insekt noko me i vesten forbinder med mat, det er noko ein får i maten når den er bederva. Når du får ein larve i kålen eller brokkolien, var det ikkje den du hadde tenkt å ete. Mange forbinder insekt med mat som ikkje skal etast, men det finst veldig mange ulike insektartar og nokre insekt vil framleis vere slike ein ikkje eter. Det handlar om at me må klara å skilje mellom skadedyr og kva me eter, meiner gründeren.