Står saman mot fråværsgrensa

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei fråværsgrense tek berre knekken på symptoma og ikkje sjølve sjukdommen, seier Agathe Brautaset Waage, leiar i Hordaland elevorganisasjon til Bergens Tidende.

Avisa skriv at ungdommane i AUF, Unge Venstre, KrFU, Sosialistisk ungdom, Rød ungdom og Hordaland elevorganisasjon no går saman mot ei nasjonal fråværsgrensa på 10 prosent.

LES OGSÅ: Ønskjer bøter mot fråvær

Straffa elevane
Bakgrunnen er at Elevorganisasjonen ønskjer å styrkja skulehelsetilbodet fordi dei meiner dette vil redusera det høge fråværet i skulen. Dei vil ha skulepsykologar i 20 prosent stilling pr. 500 elev, og ei helsesøster pr. 250 elev.

– Det er dyrt, men det er det me treng. Fråværsgrensa blir eit våpen som lærarane kan bruka for å straffa elevane. Det er ei enkel løysing som ikkje tek tak i kjernen i problemet. Elevar har sjølve valt å gå på vidaregåande. Då må det vera skulen som har svikta, om elevane ikkje ønskjer å møta opp, seier Waage.

LES OGSÅ: Ta deg saman din latsabb

Vil at helsesøster skal kunne henvisa
Ungdomsleiarane seier til Bergens Tidende at dei ynskjer at helsesøster skal kunne visa direkte til psykolog, og at dette ville gjort det enklare for elevane å skaffa hjelp.

– Dersom ein har ein diagnose, så får ein dokumentasjon på at ein er sjuk. Men kva om ein tenåring har ein veldig dårleg periode og ikkje søkjer hjelp? Ein 15-åring kjem aldri til å gå til kontaktlæraren sin og sei «beklagar, men hjernen min fungerer ikkje i dag og eg fekk angstanfall». Her treng ein skulepsykologar, seier Hilde Maria Boberg Andresen, leiar av Hordaland Sosialistisk ungdom.

LES OGSÅ: Mobbeoffer må sleppe straff for skulking

Studiepoengmodellen
Eit alternativ til fråværsgrensa er studiepoengmodellen. Dette vil kunne letta skulekvardagen for mange som syns den er tung. Basisfag som norsk, engelsk og matematikk burde stå. Men elevane burde i større grad kunne velje kva dei vil lære på skulen.

– Me er for dårlege til å jamne ut forskjellar i skulen. Fråværsgrensa går ut på å luka vekk dei svakaste. Me kan ikkje lata skulen bli den sterkaste rett. Dette vil skapa sosiale skilnadar og det er ikkje det skulen er skapt for, seier Sondre Hansmark Persen, nestleiar i Hordaland Unge Venstre til Bergens Tidende.