Ønskjer bøter mot fråvær
Skulebyråden i Oslo meiner det bør vurderast økonomiske sanksjonar mot lange fråvær frå skulen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det bør vurderast å innføra bøter når barna har ugyldige fråvær, seier skulebyråd i Oslo Anniken Hauglie (H) til Aftenposten.
I Oslo har Utdanningsetaten per 5. mars registrert 81 barn som er i utlandet utan at skulen er varsla eller har godkjent fråværet.
Skulebyråd i Oslo Anniken Hauglie (H) meiner det er eit problem at det er få høve til sanksjonar.
– I utgangspunktet trur eg på dialog med foreldre og skular der ein forklarer ulempene med lange utanlandsopphald. Men vi bør også vurdera økonomiske sanksjonar. Det kan vera i form av bøter, eller å stoppa barnetrygd ved ugyldig fråvær tidlegare enn regelverket opnar for i dag, seier ho.
Rektorar er urolege for barn som slit fagleg og sosialt når dei kjem tilbake etter lange utanlandsopphald.
– Lange utanlandsopphald går sterkt utover læringsprosessen til barn. Dette rammar også elevar som har språkproblem frå før, og nokre av desse manglar også referansegrunnlag i læringsprosessen som etnisk norske barn har, seier Tom Moen, rektor ved Manglerud skole. (©NPK)