Stor vilje til å hjelpe

Nordmenn blir ofte sett på som kjølige og tilbaketrukne, men om ulukka er ute viser ny forsking at vi er flinke til å bry oss.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskning.no skriv at Håkon Kvåle Bakken og Mads Gilbert ved Universitet i Tromsø har utført ei studie der dei har sett på kva slags førstehjelp folk flest gir om dei møter ein skadd person. 330 akutte skadesituasjonar i Troms og Finnmark vart studert, skadar som ikkje hadde medisinske årsakar.

 – Det er snakk om ulukker. Alt frå trafikkulukker, store blødingar, til folk som har ramla og slått seg kraftig, seier Bakke, lege ved Helgelandssykehuset og førsteamanuensis ved UiT.

LES OGSÅ:Psykologisk førstehjelp til ungdom

Stor innsatsvilje
Studien viser at innsatsvilja hos vanlege folk er stor, og imponerande god. Det viste seg nemleg at det var vanskeleg å sjå om personen som sette i gong førstehjelpa var helsearbeidar eller ikkje.  

– Det har ikkje vore mykje forsking på kva vanlege folk gjer ved akutte situasjonar der framande treng førstehjelp, men studien vår viser at Norge ligger langt framme i viljen til å utføre førstehjelp.

Bakke fortel vidare at det var mogleg å sjå eit skilje mellom dei som hadde gått førstehjelpskurs eller ikkje.

LES OGSÅ:Svenske sms-ar reddar liv

Nedkjøling og frie luftvegar vanskelegast
Dei situasjonane flest feila var forhindring av nedkjøling. 204 pasientar trong førebygging av nedkjøling, og det vart gjort korrekt av 62 prosent av dei forbipasserande.

Frie luftvegar var også noko som ikkje var sikra rett i ein av fire tilfelle.

– Det riktige er å bøye hovudet bakover. Løft haka til pasienten, forklarar Bakke.