Svenske sms-ar reddar liv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan spara 60 liv i året

– Me har auka talet på folk som overlever ved hjarteinfarkt i Stockholm, fortel Mårten Rosenqvist, overlege på hjarteklinikken ved Karolinska Institutet.

LES OGSÅ: Vil ha røykfrie bilar

Mobil førstehjelp
SMSlivräddare er namnet på eit forskingsprosjekt, som er unikt i verdssamanheng. Når ein alarm om mistenkt hjartestans i Stockholm kjem inn til den svenske ambulansesentralen, sender sentralen ut ein automatisk SMS til registrerte SMS-livreddarar i nærleiken, parallelt med at ambulanse og redningsteneste vert varsla. Dette er mogleg ved hjelp av mobil posisjoneringsteknikk.

Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Södersjukhuset og Karolinska Institutet, starta i 2010 i sentrale delar av den svenske hovudstaden, men har seinare vorte utvida til heile byen.

LES OGSÅ: Vil ha full røykjestopp

Dødsfarleg
Hjarte-karsjukdommar vert rekna for å vere den vanlegaste dødsårsaka i den vestlege verda. Rundt 275.000 europearar døyr årleg av hjartestans. Det er fleire enn i Noregs nest største by Bergen.

– I Sverige er reaksjonstida for ambulansar i snitt åtte til ni minutt, og me veit at ved hjarteinfarkt stig dødsrisikoen med ti prosent for kvart minutt som går, fortel Rosenqvist.

I Noreg er reaksjonstida noko lenger. I dei mest tettfolka delane av landet kom ambulansen fram innan 20 minutt etter naudsamtalen i fleirparten av tilfella. I Finnmark, Troms, Trøndelagsfylka og i Førde, var reaksjonstida mellom 27 og 32 minutt i dei fleste tilfella, ifølgje Helsedirektoratet.

I Stockholm er det no rundt 10.000 SMSlivräddare, eit tal som stadig stig. På sikt er planen at desse òg vil få informasjon om kvar næraste hjartestartar er.

– I 40 prosent av tilfella kjem SMSlivräddaren før ambulansen, og i 20 prosent av tilfella kjem dei før både politi, ambulanse og brannvesen.

Sms-en til livreddarane inneheld informasjon frå SOS-alarmen om kvar hjartestansen er, saman med ei kartlenkje. Mobiltelefonen deira vert òg ringt opp automatisk.

Krava til sms-livreddarane er at dei er over 18 år og har fått opplæring i hjarte-lungeredning (HLR).

LES OGSÅ: Det skal bli lettare å ta sunne val

– Vellukka
Mårten Rosenqvist anslår at mellom ein og to millionar svenskar har vorte lært opp i hjarte-lungeredning.

– Det verste ein kan gjere er å ikkje gjere noko, sjølv om hjarte-lungeredningskunnskapen ikkje er heilt oppdatert.

I Stockholm kjem det inn mellom 600 og 800 alarmar om hjartestans årleg. I annakvart tilfelle vert ein SMS-livräddare tilkalla, som ein del av forskingsprosjektet.

Tilfelle der hjarte-lungeredning er starta før ambulanse kjem til staden er auka med prosjektet. I nokre område sentralt i Stockholm har det kome til femten livreddarar etter sms-varsel.

– I dei fleste tilfelle med hjarteinfarkt kjem personen attende og kan fungere normalt, dei fleste personane som vert ramma er mellom 65 og 67 år, så dei er forholdsvis unge, seier Rosenqvist.

LES OGSÅ: Åtvarar mot høgt forbruk av smertepiller

Eigna for norske forhold
Med raskare livredning ved hjartestans kunne me i Noreg ha spart 60 liv årleg, ifølgje forskar og anestesilege Jo Kramer-Johansen ved Institutt for eksperimentell medisinsk forsking på Oslo universitetssjukehus.

Rosenqvist trur at prosjektet kan vere nyttig òg i Noreg.

 – Det gjeld spesielt i område der det ikkje bur så mange, då kan ein involvere dei som er der. Noreg har òg eit godt utbygd mobilnettverk.

Ventar på resultata
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) har ikkje høyrt om prosjektet, men kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Aasen Jacobsen tykkjer det verkar interessant.

– Me veit at opplæring av hjarte-lungeredning er svært viktig for å redda liv, og dette prosjektet kan bidra til at dei som faktisk har lært hjarte-lungeredning kan komme til der ein person fell om. Så vidt eg forstår er dette et forskingsprosjekt, så det vil nok vere lurt å vente på resultata av dette før ein tek initiativ til noko liknande i Noreg, seier Jacobsen.

Her heime satsar LHL på opplæring i hjarte-lungeredning mellom anna gjennom ein gratis app.

At folk i nærleiken kan hjarte-lungeredning kan somme tider utgjere forskjellen mellom liv og død.

– Me er oppteken av at særleg eldre personar bør lære seg hjarte-lungeredning i og med at det gjerne er heime mange eldre får hjartestans. Då vil det i enkelte tilfelle vere avgjerande at ektefellen, som er mest nærliggande at er til stades, er trygg på hjarte-lungeredning, seier kommunikasjonsrådgjevaren.