Mobbing i barnehagar uroar foreldreutval

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) varslar eit læringsløft i barnehagane. Foreldreutvalet (FUB) meiner at ministeren må overvinne mobbing for at barna skal få betre læringsutbytte.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hittil i år har FUB – Foreldreutvalget for barnehagene – på førespurnad frå barnehagar heldt over 30 foredrag om mobbing.

– Vi får også mange meldingar frå foreldre om barn som blir stengt ute og ikkje trivst i barnehagen. For at eit barn skal lære, så må det trivst. Leik og læring henger så nøye saman, og blant anna derfor er vi så opptatt av mobbing i barnehagen, seier seniorrådgjevar Åse-Berit Hoffart i FUB til NTB.

LES OGSÅ:Kjekke leikekameratar er på plass

Etterlyser fagfolk
Eit betre psykososialt miljø i barnehagane er ei av dei store hjartesakene til utvalet.

– Når ungar blir plaga og ikkje trivst, handlar det om at rammefaktorane ikkje er på plass, at det ikkje er nok tilsette i barnehagen, eller at dei tilsette ikkje har nødvendig kompetanse, meiner Hoffart.

I 2014 handterte FUB 22 rådgjevingssaker om mobbing, og dei ser eit behov for å stramme opp lovverket for barnehagar.

– Bemanningsnorma for pedagog har stått stille sidan barnehagelova kom i 1975. Vi ønsker ei ny bemanningsnorm, og gjerne før 2020, seier Hoffart, som også ønsker krav om fleire pedagogar og krav til utdanning anna personale.

Vil løfte innhaldet
Kunnskapsministeren peiker på at tid og pengar dei siste åra har gått med til å byggje barnehageplassar. No varslar han eit innhaldsløft.

– Vi vil at det skal bli meir kvalitet og læring i barnehagane, utan at barnehagen dermed skal bli som skulen. Det kjem ein ny og forbetra rammeplan i denne perioden. I den skal det bli lagt betre til rette for å stimulere nysgjerrigheita til barn, seier Røe Isaksen til NTB.

Tidlegare i år la OECD fram ein rapport som viser at kvaliteten i norske barnehagar er svært ujamn, noko statsråden seier han tar alvorleg.

– I dag er det for store skilnadar. Foreldra kan ikkje vere sikre på at barna får eit godt nok tilbod i alle barnehagar. Derfor satsar regjeringa på å utdanne fleire barnehagelærarar, seier Røe Isaksen.

Framleis manglar 3.700 kvalifiserte barnehagelærar i norske barnehagar.

LES OGSÅ:Bemanningssvikt i barnehagane

Følgjer opp utval
Kunnskapsministeren har sjølv ei jente som skal begynne i barnehagen til hausten, og han deler målet frå foreldreutvalet om å få bukt med mobbinga.

– Eg trur mange ikkje er klar over at barn allereie så tidleg som i barnehagen kan bli plaga og mobba. Det aller mest grunnleggjande i barnehagen er at barna er trygge. Ingenting er viktigare enn det, kommenterer Røe Isaksen.

I mars overleverte eit utval utnemnt av regjeringa og leidd av fylkesmann Øystein Djupedal i Aust-Agder, si vurdering av kva for verkemiddel som skal til for å skape eit trygt miljø i skulen.

– Barnehagane var ikkje inkludert i det opphavlege oppdraget til utvalet, men vi har bestemt at også barnehagane skal takast med under oppfølginga av Djupedal-utvalet, fortel Røe Isaksen.