Størst auke i syrarar på norskkurs

I 2014 deltok 14.700 personar i introduksjonsprogrammet for innvandrarar. Over sju av ti var frå Somalia, Eritrea, Syria, Afghanistan og Sudan.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den største auken i deltakarar var frå Syria. I 2013 deltok 400, mot 1.200 i 2014. Det opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB). Delen kvinnelege deltakarar var på 49 prosent.

Syria: Eit folk på flukt

Sudan og Syria hadde størst deltakardel, med høvesvis 70 og 68 prosent. Etter dei fylgde Eritrea og Somalia med 62 og 61 prosent.

Deltakarprogrammet er sett saman av ulike typar tiltak. Mest sentralt står norskopplæring og samfunnskunnskap. 89 prosent av nykomne innvandrarar deltok på det i 2014. Etter fylgjer språkpraksis, der deltakarane plasserast ut på ein arbeidsplass for å praktisera språket. 32 prosent deltok på den delen.

Vidare deltok 46 prosent på ikkje-spesifiserte tiltak, 31 prosent på kurs i regi av kommune eller stat, 16 prosent tok grunnskulefag og 15 prosent arbeidspraksis. (©NPK)

LES OGSÅ: Ville du husa ein flyktning?