– Kan leva gode liv utan så mange ting som me har

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det handlar om viljen til å endra. I dag er det mange av oss som er vande til ein viss levestandard. Folk er redde for å gå ut av komfortsona. Det er ein skummel tanke for mange at ting kan endra seg, seier Vilbjørg Meyer.

– Eg trur det handlar om korleis ein får folk til å innsjå at ein leva gode liv utan den same komforten og alle tinga som er ein er vande med å ha. Kanskje det er der det ligg, held ho fram.

Grøn framtid
Til vanleg studerer ho utviklingsstudium ved Universitetet i Bergen. Me treff ho på Changemaker sin sommarleir på Halsnøy saman med Frida Lillesæter Stien og Ingeborg Lea Ertesvåg – begge nettopp ferdige med eit år på folkehøgskule.

– Det er ikkje lagt opp til at me skal leva grønt, seier Frida, som meiner at viss me byrjar no, så kan me laga ei grøn framtid.

Deltakarane på sommarleiren er i full gang med å førebu klimakampanjen til Changemaker, der dei utfordrar heile Noreg til å finna fram polfararen i seg på veg til Grønpolen.

LES OGSÅ:– Me har berre ein klode å leva på

Meir tid og mindre ting
Ingeborg Lea Ertesvåg meiner det er viktig med opplysing.

– Det hjelper ikkje om berre ein eller to endrar levemåte, seier ho, før Frida skyt inn:

– Eg trur det er viktig at ein ikkje tenkjer på det som at ein må ned i levestandard.

– Kanskje ein blir meir lukkeleg av meir tid og mindre ting, legg Vilbjørg til. Ho trur sekstimarsdagen kan ha noko for seg.

Ingeborg understrekar at endring i matvanane òg kan gi lågare klimautslepp.

– Me kan eta meir vegetarisk og kutta ned på kjøtforbruket. Og så kan me kasta mindre mat.

LES OGSÅ:Med bismak av klimagass