Meland kommune brukar 15 millionar i året på bokmålsklassar.

Yngve Garen Svardal, Avisa Nordhordaland
Yngve Garen Svardal, Avisa Nordhordaland
Faktaboks

Kommune

Bokmålselevar 14/15

Nynorskelevar 14/15

Prosentdel bokmål

Bokmålselevar 04/05

Nynorskelevar 04/05

Prosentdel bokmål

Lindås

641

1417

31,15%

403

1458

21,66%

Meland

409

769

34,72%

69

916

7,01%

Radøy

9

615

1,44%

24

640

3,61%

Resten av nordhordland

35

893

3,77%

22

1055

2,04%

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka stod først i Avisa Nordhordaland

– Språk, kultur og identitet er viktig og må ikkje gløymast i arbeidet med kommunereforma, seier Inger Helen Midgard frå Alversund mållag.

Saman med dei andre mållaga i Lindås, Meland og Radøy krev dei at nynorsken vert administrasjonsspråket i ein ny kommune.

Tal for skuleåret 2014/2015 stadfestar ei trend som seier at stadig fleire brukar bokmål på skulane i Nordhordland. I fjor var det 1094 elevar som nytta bokmål og 3694 som nytta nynorsk. Det utgjer 23 prosent av alle skuleelevane i Nordhordland. For ti år sidan var det mindre enn halvparten så mange bokmålsbrukarar, 522.

LES OGSÅ: Blir heidra for ordkunst på kunstfeltet

15 mill på bokmål årleg
Naturleg nok er det Meland og Lindås som har den største endringa, noko som skuldast mellom anna stor tilflytting. For ti år sidan var det berre 69 bokmålselevar i Meland. No er det 409. Og det kostar kommunen dyrt.

– Me har 15 bokmålsklassar og kvar klasse kostar oss ein millionar kroner i året, seier ordførar Nils Marton Aadland (H) til avisa Nordhordland.

– Dette er ein rett elevane har, og det er noko me må levera så lenge foreldra krev det, seier han.

Men han legg ikkje skjul på at det er ei utfordring for kommunen.

– Men når lova er slik, må me forholda oss til det. Men det gjer oss større utgifter enn me burde hatt, seier han.

– Me brukar uforholdsmessig mykje pengar på klassedeling grunna språk, utan at me får kompensert for det i statlege løyvingar, meiner han.

For nokre år sidan prøvde dei å samla alt bokmålstilbod på ein skule. Det fekk dei ikkje lov til av fylkesmannen grunna nærskuleprinsippet.

– Med den utviklinga ein har sett i Meland dei siste åra, vert det ein bokmålskommune på sikt?

– Nei, det har eg ingen tru på. Nynorsk er ein viktig del av vår identitet, seier han.

Det same seier hans ordførarkollega i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Men der har det vore snakk om å verta språknøytral, sjølv om det byrjar å verta ti år sidan det var snakka om.

LES OGSÅ: Nynorsk redaktørpris til Bjørgulf Braanen

Fin framtid for nynorsken
– Eg trur nynorsken går ei fin framtid i møte, seier ho til avisa Nordhordland.

I Lindås var det førre skuleår færre som brukte nynorsk enn for ti år sidan, 1417 mot 1458. Samstundes var det 641 som brukte bokmål, ein auke på 238 elevar.

Ho meiner nynorsken må få sin renessanse.

– Difor er det supert at den største vidaregåande skulen i fylket har skipa sin eigen nynorskpris. Det er med på å synleggjera at språk er viktig. Me treng meir av den typen ting, seier ho.

Men begge to må innrømma at det har ikkje vore snakk om nynorsken sin plass i ein framtidig storkommune.

– Det er såpass openbart at nynorsk vert språket i ein ny kommune at det ikkje har vore eit tema for debatt, seier Aadland.

Han meiner at nynorsken vil tena på om Lindås, Meland og Radøy slår seg saman og vert ein av dei største nynorskkommunane i landet.

– Då vil ein og få større tyngd i målspørsmåla og, meiner han.

Byrknes seier dei så vidt har drøfta at nynorsken har sin naturlege plass i ein framtidig storkommune.

– Det er likevel eit nytt kommunestyre som har det siste ordet, peikar ho på.

– Bada i nynorsk
Hjå mållaga er det viktigaste at den nye storkommunen ikkje vert språknøytral.

– Erfaringa då er at språket då vert bokmål. Difor må politikarane fatta eit klart og tydleg vedtak om at nynorsk skal vera teneste og administrasjonsspråk i ein ny kommune, seier Midtgard.

– Folk skal sjå nynorsk i det offentlege og på reklame frå bedrifter. Ungane våre skal bada i nynorsk, seier Haakon Aase frå Meland mållag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE