Det har skapt debatt at snitt-temperaturen har flata ut sidan 1988, trass i høgare CO2-nivå. Det avkreftar likevel ikkje menneskeskapte klimaendringar.

– Å zoome inn på eit valt tiår eller to vert i klimasamanhengen som å bruke mikroskop for å finne ut om ei trapp går oppover eller nedover. Som dei fleste faktorane i klimasystemet svingar temperaturen opp og ned, samstundes som det er ei jamn endring. Temperaturen på bakken stig jamt, og svingar samstundes. Klima handlar om langsiktige endringar, ikkje tiårssvingingar, forklarar oseanograf Jan Even Øie Nilsen.

Bakgrunn: – Dårleg debattklima om klima

I tillegg tek ikkje tala TV2 har brukt høgde for varmen i atmosfæren og i hava.

– Global temperatur er berre målt landtemperatur ved bakken. Varmen som er fanga opp i jordsystemet kan flytte seg rundt i systemet. Det gjer den også og det skaper naturlege svingingar i mellom anna bakketemperatuen.

Nye tal som er publisert i forskingsmagasinet Scienceindikerer dessutan at temperaturen har auka minst like mykje dei siste tiåra som siste halvdel av 1900-talet. Desse resultata må framleis verte gjennomgått av andre, før ein veit korleis utviklinga vert vidare. Les meir her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE