Valforskar Frank Aarebrot kritiserer klimadebatten for utestenging. – Eit større problem at media ikkje skil mellom synspunkt og vitskap, svarar havforskar.

– Debatten om i kva grad klimaendringane er menneskeskapte finst ikkje, fordi dei som har andre forklaringar enn FNs klimapanel får merkelappen klimafornektarar, og så handlar debatten om i kva grad ein er ein fornektar eller ikkje. Det vert om lag like fornuftig som å drøfte livet med ein prest som hevdar at du er ein syndar.

Dei seier professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot. Han meiner det har oppstått eit debattfritt rom om klimaendringane.

Test deg sjølv: Kor berekraftig er du?

Ein snever debatt
Kvelden før har Aarebrot sett programmet Underhuset på TV2. Der uttalar nobelprisvinnar i fysikk Ivar Giæver at CO2-utsleppa ikkje er viktig for klimaet likevel. Bakgrunnen er at det ikkje har vore noko tydeleg temperaturauke dei siste 18 åra, sjølv om konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren har auka. Dette har fått Aarebrot til å tvile.

– Når unge Helskog (programleiar i Underhuset, journ. merkn.) tilfeldigvis har plukka opp ein nobelprisvinnar i fysikk som i alle fall fekk meg til å lure på om heile klimapanelet tek feil, så tyder det på at det er for lite debatt, meiner valforskaren.

LES OGSÅ: Vil kopiera bysykkelsuksess

Aarebrot meiner debattklimaet går utover forståinga av korleis klimaendringane fungerer.

– Dei fleste som er engasjerte i klimaproblemet, og eg er ein av dei, har ikkje peiling på korleis modellane fungerer, fordi det har oppstått eit debattfritt rom. Vi berre aksepterer at veldig mange forskarar frå FNs klimapanel meiner det same. Eg har nærmast aldri sett modellane ordentleg forklara, som regel flyt ein berre på at dei er så kompliserte og presenterer konklusjonane. Det blir som å seie at motoren får bilen til å rulle, utan å forklare korleis den fungerer.

I Underhuset seier Giæver at snitt-temperaturen på jordoverflata ikkje har auka på over 18 år.

– At veldig mange meiner det same har ikkje noko å seie, dersom empirien ikkje stemmer med teorien. Dersom modellen føreseier global oppvarming og det ikkje vert noko oppvarming, så må ein på eit eller anna tidspunkt stille spørsmål ved modellen, seier Aarebrot.

Det er ikkje alle viljuge til å gå med på, meiner han.

– Når du har ein modell som verkeleg genererer pengar så er det som ei gås som legg gullegg for dei forskarane som er involverte. Ein må vere litt skeptisk til forskingsinstitusjonar som lever av dei problema dei skal løyse. Dei er jo på ein måte like avhengige av pengane som ein eller annan klimafornektar som arbeider for eit oljeselskap.

Prega av semje
Medievitskaplege studiar syner at såkalla klimaskeptikarar er lite framme i den norske klimadebatten. Stipendiat i klimakommunikasjon ved UiB, Kathrine Duarte, finn til dømes at debatten heller er dominert av semje om FNs klimapanel sine konklusjonar, ifølgje NRK.

Redaktør i Forsking.no, Nina Kristiansen, har også tidlegare fortalt at ho fekk mykje kritikk for å la klimaskeptikarar kome til orde.

Ein internasjonal rapport syner samstundes at forskarar som er skeptiske til menneskeskapte klimaendringar relativt sett får dobbelt så mykje taletid i media som majoriteten som er einige i hovudkonklusjonane til FNs klimapanel. Ifølgje geografen Maxwell Boykoff får dette konsekvensar. Han har tidlegare demonstrert korleis ein overrepresentasjon av klimaskeptiske forskarar i media har underspelt kor sikker vitskapen eigentleg er på samanhengen mellom CO2 og global oppvarming, og følgjeleg forseinka responsen frå samfunnet.

– Overraskande
Jan Even Øie Nilsen er oseanograf ved Nansen-senteret i Bergen, og forskar på endringar i havnivået. Han arbeider mellom anna med å lage ein rapport om kva klimaendringane har å seie for havnivået i Noreg. Forskaren er overraska over pengeargumentet frå Aarebrot.

– Eg er litt overraska over at Aarebrot kjem med eit så enkelt argument. Det er ein vittig kommetar, men litt tea-party-aktig. Det stemmer at vi er avhengige av forskingsmidlar og at vilkåra for klimaforsking er gode i høve til andre disiplinar, men det spelar då inga rolle i kva retning resultata våre peikar, seier Nilsen.

Havforskar Jan Even Øie Nilsen meiner problemet heller er at media ikkje skil mellom synspunkt og informasjon i klimadebatten. – Forskarane reknar, dei meiner ikkje, seier han. Foto: Tora Hope.

LES OGSÅ: Vinlandet Noreg

Oseanografen peikar på at ein har kome fram til klimaendringane så godt som heilt sikkert er menneskeskapte. Dette har ein funne nettopp ved å setje alle klutar til for å prøve å forklare at klimaendringane ikkje treng vere menneskeskapte.

– Sjølv om ein har halde på med dette i fleire år og med dei beste måle- og rekneverkty ein har, så har ingen har klart det. Den som verkeleg kunne syne til noko utanom det vanlege, ein viktig prosess som ingen har lagt vekt på før eller eit overraskande resultat, ville fått fart på CV-en sin og moglegheitene for vidare forsking, ifølgje Nilsen.

Han rådar såkalla «skeptikarar» til å gjere nettopp dette.

– Problemet er at desse som regel kjem opp med gamle kjepphestar utan å freiste å halde dei opp mot den store mengda tverrfagleg kunnskap som eksisterer i dag.

Kritikken om at forskinga på klimaendringane ikkje er nøytral, har også vorte retta mot dei som hevdar klimaendringane ikkje er menneskeskapte. Heartland-instituttet, som fysikar Ivar Giæver er knytt til, sponsar mellom anna ei rekkje namn som er kjende for å vere skeptiske til klimaforskinga. Instituttet har også tidlegare motteke støtte frå ExxonMobil, eit av verdas største olje- og gass-selskap.

– Bommar på debatten
Nilsen seier samstundes at mange som forskar på klimaendringane bruker mykje tid på å imøtegå argument, og at ein bør passe seg for å framandgjere seg for kritikken.

Han peikar likevel på at mange av dei såkalla klimaskeptikarane deltek utelukkande i media, og ikkje i den vitskaplege debatten.

– Svært få miljø er så kritiske og så grundige i å påpeike feil som det vitskaplege. Vi er også veldig ærlege på kva manglar som eri arbeidet vårt, seier han.

Ifølgje havforskaren er det ikkje noko anna vitskapleg problem som har vore studert så tverrfagleg som klimaendringane.

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly

– Dei fleste såkalla klimaskeptikarar har ikkje delteke i klimaforskinga. Ofte kan kritikken lage meining innanfor ein enkelt disiplin, men tverrfagleg forsking  kan ofte syne at den ikkje er viktig i den store samanhengen. Klimaskeptikarane har marginalisert seg sjølve, ved å ikkje setje seg inn i forskinga, seier han.

Nilsen peikar på at den vitskaplege debatten i dag handlar om heilt andre spørsmål enn om CO2 og global temperaturauke heng saman.

– Mediabommar på kvar debatten ligg. Å gang på gang velje dei som er i fullstendig opposisjon svarar godt til fokuset på konflikt, men det er for lett, seier han.

– Sjeldan relevante innspel
Blant dei viktigaste spørsmåla i fronten av klimaforskinga i dag, er heller kor følsamt klimaet er for endringane vi har satt i gong. Her er forskarane sterkt ueinige, og studiar indikerer både ei framtid der vi knapt merkar endringane, og ei framtid prega av katastrofe på fleire område. Begge desse er ytterpunkt, men samstundes del av den vitskaplege debatten. Eit anna sentralt spørsmål er kor sårbare vi er for dei venta endringane.

Nilsen meiner eit større problem med debatten om klimaendringane er at ein ikkje skil mellom synspunkt og informasjon.

– Samstundes må vi passe på å ikkje utestenge dei som faktisk peikar på feil og manglar, seier han, og legg til:

– Men dei er sjeldne.

LES OGSÅ: Korleis kan lokalvalet bli eit klimaval?

GlokaltKlimaval

Fram mot valet i haust fokuserer Framtida.no, saman med Bladet Sunnhordland og Grannar, på klima og det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE