Vinlandet Noreg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klima er den største utfordringa, men ein kan jo gjere klimaforbetrande tiltak som til dømes å leggje agrylduk over, seier drueentusiast Knut Sætrevik (60).

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

Vin på menyen i militæret
Tømraren spaserer mellom ørsmå drueblomar ved sjøen i Sætrevik på Stord. Der ingen skulle tru at nokon kunne dyrke vindruer. Her har han brukt mangfaldige timar og dyrka over 150 ulike druesortar gjennom fleire år. Det er prøving og feiling.

Hybriden Rondo har han hatt i 10-15 år. Den krev lang vekstsesong, og drueentusiasten er ikkje heilt nøgd med vinen. Men norske forhold krev hardføre druer.

Han har lenge interessert seg for fruktdyrking, men interessa for vin fekk han då han tok faget vin- og menylære i militæret. Etterkvart har druene teke over for den andre frukta. Og med interessa for dyrking kjem ei naturleg interesse for vêr, vind og klima.

Drueblomane liknar på små drueklasar allereie, men på grunn av ein kald vår ligg dei tre veker bak normal modningsprosess
Drueblomane liknar på små drueklasar allereie, men på grunn av ein kald vår ligg dei tre veker bak normal modningsprosess.

LES OGSÅ: Stor fare for vårflaum i vest

Klimanotat
Då Sætrevik starta med den hobbyen i 1988 var det lite snakk om klimaendringar, som no er eit høgaktuelt tema.

– Eg ser på notatane mine at me byrjar å få eit varmare klima, men det går i bølgjedalar. For meg er det forferdeleg vanskeleg å seie noko om klimaendringane, når ikkje ein gong forskarane greier å finna ut av det. Dei er heller ikkje heilt einige om kva som forårsakar det, men dei fleste hallar mot at me har ein effekt på klimaet. Forskarane har sagt i mange år at me risikerer mykje meir nedbør her i nord. Dei siste somrane har det vore nokre kjempekraftige byger i juni og juli, då druene blomstrar, som eg ikkje har sett maken til før. Så forskarane har mykje rett i det dei sa for nokre år sidan, meiner drueentusiasten.

Frå eit norsk drueperspektiv har desse endringane både positive og negative konsekvensar for avlinga. Druer treng ein lang og jamt varm vekstsesong, utan øydeleggjande frost og for kraftige regnskyl, som fører til dårleg fruktsetjing og råte. Aller best likar dei seg i solrike, sørvendte skråningar.

LES OGSÅ: Klar varmerekord i 2014


Hybriden Rondo er ei krysning mellom to artar, her Vitis amurensis og vitis vinifera. Foto: Privat

Dramatisk drueår
2014 var eit kanonår, medan årets druer ligg omlag tre veker etter skjema på grunn av ein unormalt kald vår. 2015 er det dårlegaste året på 2000-talet – sett med drueauge.

Saltvassrok, som feia over druerankane då stormen Nina herja Vestlandet i vinter er heller ikkje anbefalt.

– Det går i syklusar, mellom fem og sju år mellom kvar flotte sommar. 92, 97, 2002 og 2006 var fine, før det gjekk litt lenger tid fram til supersommaren 2014. 2011 og 2012 var det kalde vintrar som gjorde at spiringa kom seint i gong, fortel Sætrevik, og legg til at hadde det ikkje vore for Golfstraumen kunne me ikkje ein gong tenkt på druer i Noreg.

Etter varme sesongar ser han ei oppblomstring av skjoldlus, som kan truga små drueplanter. Veps og sniglar kan truga avlingane, men dei druetypane som vert dyrka i Noreg er ikkje plaga av sjukdommar. Det gjer det lettare å driva økologisk.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

2014 er ikkje eit særleg godt år - sett med drueauge.
2014 er ikkje eit særleg godt år – sett med drueauge.

I danske fotefar
Sætrevik er ikkje i tvil om at Noreg er i ferd med å verte eit vinland. Det norske vinmiljøet er no på om lag same stadiet som våre danske naboar på 90-talet. Den gong var Sætrevik med i foreininga til dei danske druedyrkarane, no går han i t-skjorte med påskrifta «Norske druedyrkere».

Både Sverige og Danmark har vorte EU-godkjende vinland og byrjar smått å få internasjonal merksemd. Då er det i likheit med Tyskland helst kvitvin og musserande vin dei skandinaviske landa er konkurransedyktige med.

Her heime plantar stadig fleire ut druer, anten for eigen nyting, eller med tanke på kommersiell produksjon. Allereie i perioden 1995-1999 vart det produsert kommersiell druevin av Svein Erik Hansen  på Hallingstad gård i Vestfold. No har den andre kommersielle vinprodusenten starta opp her til lands og du kan få musserande vin frå søte Solaris-druer frå Lier.

På Gvarv har Lerkåsa vingård planta ut ein god del vinstokkar, og i Ås satsar Hans Rosenfeld på druer i drivhus, som gjev litt færre klimautfordringar.  Det er òg fleire utplantingar på Austlandet, Sørlandet, i Stavanger og i Sogndal.

LES OGSÅ: Folkefleirtal or faremerking av vin

Skilta fortel kva krysning det er
Skilta fortel kva krysning det er og kva tid dei er laga.

Prisproblem
Anita Sønsteby i Bioforsk Øst har fått med seg entusiasmen i det norske druemiljøet.  Bioforsk Øst hadde fram til 2009 ein testgard der dei freista å prøva ut aktuelle druesortar på friland i innlandsklima.

– Kva meiner du; er Noreg i ferd med å verte eit vinland?

– Utfordringane for Noreg er at me har for kort vekstsesong. Nye sortar, og pågåande klimaendring vil gjere at me får betre føresetnadar for dette i framtida. Men tradisjonelt er me vel kanskje meir eit sider-, og ølproduserande land, svarar Sønsteby på epost.

I tillegg til klimautfordringane peikar ho på druekvalitet og at produksjonskostnadane for norsk vin kan verte for dyr til å gjere han konkurransedyktig samanlikna med utanlandske vinar på Vinmonopolet. Ho ser likevel ein marknad for lokalprodusert vin.

LES OGSÅ: Punkterer myten om at vin er godt for helsa

Sol, syre og sødme
Sætrevik har ikkje planar om å satsa kommersielt på vinproduksjon, han trivst godt med hobbyen. Og det er ikkje fritt for at folk vert overraska over at han får til å dyrka druer i norsk vestlandsklima.

Ute i det fri kan overdekking med agrylduk eller steinar som samlar og porsjonerer ut varme vere tiltak som gjev meir varme og høgare sukkerinnhald. I oktober er den norske vekstsesongen over,  og haustinga avslører om syre og sødme er i balanse.

– Fotosyntese og temperatur er viktig. Sol er energien. Ein skal helst ha tolv timar sol i sommarsesongen på eit frilandsfelt, forklarar Sætrevik, som sjølv er velsigna med over tolv timar sol i sitt drueparadis når sommaren er på sitt ljosaste.

I drivhuset til Knut Sætrevik bugnar det.
I drivhuset til Knut Sætrevik bugnar det av ulike drueplantar.